LOGIN

Kandidat Jon Olav H. Eikenes saman med komiteen etter disputasen.

Kandidat Jon Olav H. Eikenes saman med komiteen etter disputasen.

Bevegelse på skjerm som kommunikasjonsmiddel

Kva har iPad, Xbox Kinect og nettsida til Petter Stordalen til felles? Svaret er navimasjon (navigasjon + animasjon). Dei nyttar bevegelse på skjerm som eit viktig kommunikasjonsmiddel.

Onsdag 22. desember forsvarte stipendiat Jon Olav Husabø Eikenes si avhandling Navimation. A sociocultural exploration of kinetic interface design for ph.d-graden ved AHO. Kandidaten gav også ei prøveforelesing relatert til avhandlinga, med tittelen "Examples of double mediation as instrumental and semiotic tool".

Jon Olav Husabø Eikenes (1980) er master i industridesign frå Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo (2006), med fordyping i fagfeltet interaksjonsdesign. Han har vore stipendiat ved Institutt for design sidan 2007. Eikenes er no tilsett som interaksjonsdesignar i designkonsulentfirmaet Halogen i Oslo.

Eikenes har i si avhandling utforska korleis visuell bevegelse kan nyttast på nettsider og på skjermane til mobiltelefonar og lesebrett. Prosjektet har kombinert analysar av eksisterande nettsider og digitale produkt med eigne designeksperiment. 

Ei rekke nye omgrep som "navimasjon" og "kinetiske grensesnitt" er nytta for å analysere og beskrive korleis bevegelse på skjerm kan kommunisere.

Eit viktig bidrag er ein ny modell for å forstå grensesnitt som nyttar bevegelse. Desse grensesnitta er verktøy som legg til rette for bestemte oppgåver, og har samtidig kulturelle og sosiale verdiar knytt til seg.

Doktorgradsprosjektet har vore del av forskingsprosjektet RECORD (2007-2010), som er finansiert av Norges Forskningsråd. AHO, SINTEF, Opinion, NRK, VIF, Telenor og Opera Software er partnarar i RECORD. Sjå også www.navimationresearch.net

Disputasen fann sted i AHOs Store Auditorium onsdag 22. desember 2010. Komiteen var samansett av:

  • Førsteamanuensis Cheryl E. Ball, Illinois State University (førsteopponent)
  • Førsteamanuensis Anders Fagerjord, Universitetet i Oslo (annenopponent)
  • Dr. Martina Maria Keitsch, Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo (koordinator)

Komineen fann kandidatens prøveforelesing og forsvar av avhandlinga tilfredsstillande, og vil be AHOs styre tildele kandidaten graden ph.d i sitt neste styremøte.

AHO gratulerer!

Publisert: 05.01.2011 Oppdatert: 05.01.2011 Av: