LOGIN

Kursregistering/opptak til kurs - rutine

Kursregistreringa er å sjå på som ein søknad om opptak til kurs.

Rektor fastset talet på studieplassar per kurs.

  • 0 % av plassane på dei engelskspråklege kursa blir avsette til utvekslingsstudentar.
  • På slutten av vårsemesteret skal studentane registrere seg for haustsemesteret og prioritere kursønske for heile kommande skoleår. Registreringsfristen blir kunngjord i studieplan og på web. Studentar som ikkje har semesterregistrert seg innan fristen, misser retten til å bli prioritert for ønska kurs i det gjeldande semesteret.
  • Studentar som ikkje møter til kursstart utan å gi beskjed, misser plassen.
  • Opptak til kurs vil bli gjort i studieadministrasjonen etter ansiennitet, dersom ikkje anna er skrive i studieplanen.
  • Ansiennitesprinsippet gjeld ikkje ved for sein registrering.
  • Dersom fleire studentar står med lik ansiennitet, vil opptaket bli gjort ved loddtrekking.
  • Dersom søknadstalet er høgare enn talet på kursplassar, vil studentar som ikkje har teke tilsvarande kurs bli prioriterte, så framt ikkje anna er spesifisert i studieplanen. Ansiennitetsprinsippet vil bli følgt også her.
  • Studentar i overgangen frå grunnundervisning til masterundervisninga, vil i tillegg til ansiennitetsprinsippet, bli fordelte på bakgrunn av karaktersnitt i grunnundervisninga.
  • Til kurs som har større søking enn antal plassar, vil det bli laga venteliste etter same rangeringsreglar som over. Ventelistene blir brukte ved endringar og/eller etterfylling av kurs.
  • Ved endeleg kursopptak blir e-post send til alle studentar på e-postadressar tildelt av AHO.
  • Fordeling av plass på fordjupningskursa blir gjort etter generell ansiennitet og karaktersnitt. Unnatak er fordjupningskurs som er spesielt retta mot spesifikke kurs i studioundervisninga, eller som er obligatoriske for å delta på studiokurs.

Henvisninger:

Universitets- og høyskoleloven
02 – Studiene ved AHO - Forskrift for masterstudier ved AHO, § 4-4


Godkjent av: Undervisningutvalet  Opprettet: 17.11.2008
Avdeling: Studieadministrasjonen Oppdatert: 14.12.2013
Ansvarlig: Studiesjef Versjon: 3