Om biblioteket
Biblioteket ligg i første etasje på AHO, med lokale ut mot Akerselva. Det er ope for alle, men det er berre studentar og tilsette ved AHO som kan låne direkte.
Samlingane
Samlingane i biblioteket var i starten basert på gåver, m.a. med bøker frå Bygningsklassen på SHKS som grunnlag. Den systematiske oppbygginga starta etter at skulen fekk lokale i St. Olavs gate i 1968. AHO fekk overført industridesignarutdanninga i 1996, og oppretta masterstudium i landskapsarkitektur i 2004. Gjennom åra har biblioteket motteke mange gåver som har medverka til å styrkja dei eldre samlingane. M.a. har Deichmanske bibliotek donert ei samling frå Byarkitektens kontor, Norsk Form har bidrege med ei designsamling og mange arkitektkontor og andre aktørar har gjæve sine boksamlingar. Norske arkitekters landsforbund har overført samlinga si av generalplanar og ein del anna eldre materiale.I 2023 er samlingane på ca 50.000 trykte bøker, ca 200 laupande trykte tidsskrift, og 2000 e-tidsskrift. Tilveksten er ca.1000 bind per år. Hovudtyngda er arkitektur, urbanisme/landskapsarkitektur, design, kunst og teknologi og med støttelitteratur innan samfunnsfag, filosofi og vitskapsteori.
Biblioteket har ikkje arkitektteikningar eller anna arkivmateriale. Bortsett frå doktorgradsavhandlingar er trykte studentoppgåver berre unntaksvis leverte til biblioteket. Doktorgradsavhandlingar og masteroppgåver (frå 2017) blir arkivert digitalt i AHOs institusjonelle arkiv ADORA.
Digitale ressursar
AHO har tilgang til referansedatabasar og digitale tidsskriftspakkar innan våre fagområde, ein e-bokpakke og ein del sentrale oppslagsverk.
Plassering og gjenfinning
Mesteparten av samlingane står ope tilgjengeleg. Nedre plan har hovudtyngda av utlånssamlinga. På mezzaninen er det innbundne tidsskriftet, referanse- og lesesalsbøker og ei guidesamling. Biblioteket har eit lukka magasin for oppbevaring av eldre materiale, m.a. ein del plansjeverk.
Heile samlinga til biblioteket er registrerte og kan søkjast opp i Oria.
Ønskjer du å gi oss bøker/tidsskrift i gåve?
Me er takksamt for gåver, men reserverer for oss retten til å gi bort eller kaste titlar me ikkje har bruk for.
Me har ikkje høve til å henta, så du må sjølv føra bøkene/tidsskrifta til oss.
Me har komplette årgangar av Byggjekunst, Arkitektur N, Arkitektnytt og Bonytt allereie og treng ikkje fleire eksemplar.