"Tre er til å fyre med, betong er til å bygge med"

"Tre er til å fyre med, betong er til å bygge med"

Betong er ikkje berre gråe flater. Den myta er knust ein gong for alle. Betong er veldig formbart og kan opptre i både plane strukturar og organiske former. - Tre er til å fyre med, ler betongteknologane Jan Bednarczyk og Rune Løken
Ved å bruke ulike tilslag kan betong både være svart, kvitt, raudt og blått, i tillegg kan ein prege overflata med alle moglege teksturar. Betongteknologane Jan Bednarczyk og Rune Løken knuser myter når dei får aktitektsudentane fra førsteklasse på AHO på utplassering til betongworkshop.
 
Mellom veke 37 og 44 jobbar førsteårsstudentane på arkitektur med eit prosjekt med tittelen “20 handlingsrom” der klassa har blitt delt inn i 20 grupper á 3 studentar. Prosjektet skal gi studentane erfaring i å bygge med tre og betong og resultatet blir ein vandringsløype i 1:1 i byggehallen på AHO. Kvar gruppe har fått ein tomt på 2500 x 2875 mm. Integrert i prosjektet er ein fire-dagers utplassering ved ulike betongfabrikkar i Oslo og omegn der blant anna tolv studentar dro til Contiga AS i Moss. I forkant av utvekslinga har kva gruppe utvikla ulike romlege løysingar for si tomt og hatt veiledning med både lærarar, verkstadsmeistrar og ingenør.