fbpx Reader og sluttseminar | Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo

Språk

Reader og sluttseminar

Sluttseminar

Sluttseminar vert arrangert i avslutningsfasen av doktorgraden, og er naudsynt for å få løyve til å levera doktorgradsavhandlinga. For å arrangere et sluttseminar må rettleiar og kandidat sende ein søknad til programstyret med forslag til eksterne og/eller interne kritikarar, inkludert dato for seminar. Kvart sluttseminar kan støttast med opptil 5000 kr, som kan gå til reiseutgifter, honorar eller andre utgifter i samband med seminaret. Ph.d-programstyret skal formelt godkjenne seminaret.
I etterkant av fullført sluttseminar, skriv kandidat og rettleiar ein kortfatta rapport til programstyret.  Denne responsen skal være på maks 1 A4 side og belyse korleis kandidat/rettleiar stiller seg til tilbakemeldingane i seminaret, kva for endringar ein vil gjennomføre i avhandlinga og når ein reknar med at avhandling vil kunne leverast inn til bedømmingskomiteen.


Reader

Som eit alternativ kan kandidaten organisere ein reader i staden for eit avslutningsseminar. Reader skal ha doktorgrad eller tilsvarande forskingskompetanse. Reader skal normalt være ekstern (men kan også være intern) og skal nemnast opp av programstyret på bakgrunn av forslag frå hovudrettleiar og kandidat. Det er berre eksterne readers som vil få honorar for arbeidet frå AHO.

Det er forventa at reader skriv ein rapport med tydelege tilbakemeldingar og konkrete råd om kva for endringar og korreksjonar som er nødvendige. Til slutt skal det utformast ein oppsummerande kommentar der reader vurderer om avhandlinga er klar for innlevering til bedømmingskomiteen. Vurderinga skal grunngjevast.

Omfanget av og innhaldet i readerrapporten vil variere ut frå særtrekk ved avhandlinga og kandidaten sine behov, men skal normalt innehalde ei drøfting over 3-5 sider der følgjande punkt vert diskuterte:

  • avhandlingas originale bidrag til forskingsfeltet
  • arbeidsmåte og metodebruk
  • utval og behandling av empirisk materiale
  • teoretisk innsikt og refleksjonsnivå
  • argumentasjon og struktur

Readerrapporten skal sendast til forskingsadministrasjonen med kopi til rettleiar og kandidat. Kandidat og rettleiar har da to veker på seg til å leggje fram ein respons til rapporten. Denne responsen skal være på maks 1 A4-side og belyse korleis kandidat/rettleiar stiller seg til rapporten, kva for endringar ein vil gjennomføre i avhandlinga og når ein reknar med at avhandlinga vil kunne innleverast til bedømmingskomiteen. Readerrapporten og responsen frå kandidat/rettleiar skal leggjast fram for programstyret til orientering og godkjenning. Ved store avvik skal programstyret setje inn tiltak.