fbpx Avslutning | Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo

Språk

Avslutning

Reader og sluttseminar

Sluttseminar

Sluttseminar vert arrangert i avslutningsfasen av doktorgraden, og er naudsynt for å få løyve til å levera doktorgradsavhandlinga. For å arrangere et sluttseminar må rettleiar og kandidat sende ein søknad til programstyret med forslag til eksterne og/eller interne kritikarar, inkludert dato for seminar. Kvart sluttseminar kan støttast med opptil 5000 kr, som kan gå til reiseutgifter, honorar eller andre utgifter i samband med seminaret. Ph.d-programstyret skal formelt godkjenne seminaret.
I etterkant av fullført sluttseminar, skriv kandidat og rettleiar ein kortfatta rapport til programstyret.  Denne responsen skal være på maks 1 A4 side og belyse korleis kandidat/rettleiar stiller seg til tilbakemeldingane i seminaret, kva for endringar ein vil gjennomføre i avhandlinga og når ein reknar med at avhandling vil kunne leverast inn til bedømmingskomiteen.


Reader

Som eit alternativ kan kandidaten organisere ein reader i staden for eit avslutningsseminar. Reader skal ha doktorgrad eller tilsvarande forskingskompetanse. Reader skal normalt være ekstern (men kan også være intern) og skal nemnast opp av programstyret på bakgrunn av forslag frå hovudrettleiar og kandidat. Det er berre eksterne readers som vil få honorar for arbeidet frå AHO.

Det er forventa at reader skriv ein rapport med tydelege tilbakemeldingar og konkrete råd om kva for endringar og korreksjonar som er nødvendige. Til slutt skal det utformast ein oppsummerande kommentar der reader vurderer om avhandlinga er klar for innlevering til bedømmingskomiteen. Vurderinga skal grunngjevast.

Omfanget av og innhaldet i readerrapporten vil variere ut frå særtrekk ved avhandlinga og kandidaten sine behov, men skal normalt innehalde ei drøfting over 3-5 sider der følgjande punkt vert diskuterte:

  • avhandlingas originale bidrag til forskingsfeltet
  • arbeidsmåte og metodebruk
  • utval og behandling av empirisk materiale
  • teoretisk innsikt og refleksjonsnivå
  • argumentasjon og struktur

Readerrapporten skal sendast til forskingsadministrasjonen med kopi til rettleiar og kandidat. Kandidat og rettleiar har da to veker på seg til å leggje fram ein respons til rapporten. Denne responsen skal være på maks 1 A4-side og belyse korleis kandidat/rettleiar stiller seg til rapporten, kva for endringar ein vil gjennomføre i avhandlinga og når ein reknar med at avhandlinga vil kunne innleverast til bedømmingskomiteen. Readerrapporten og responsen frå kandidat/rettleiar skal leggjast fram for programstyret til orientering og godkjenning. Ved store avvik skal programstyret setje inn tiltak.

Innlevering

Avhandlinga skal leverast inn elektronisk, som éi pdf-fil, til den aktuelle kontaktpersonen i forskingsadministrasjonen. Følgjande skjema skal fyllast ut og leverast inn samstundes:
 

Sjekkliste for kandidatar og rettleiarar

Sjekklista for kandidatar og rettleiarar er meinte å brukast i dei siste stadia av doktorgradsprosjektet. Den er der for å sikra at de har tenkt på dei ulike aspekta ved prosjektet før du avsluttar og leverer avhandlinga. Det blir tilrådd, men er ikkje obligatorisk å bruka sjekklista. Den skal ikkje sendast til ph.d.-programstyret.

Last ned sjekklisten på engelsk her (docx).

Flytdiagram innlevering av avhandling

Dette flytdiagrammet gir ei oversikt over prosessen frå innlevering av avhandlinga til godkjenning av avhandlinga for disputas, eventuelt endeleg avvising av avhandlinga.

sak_20-23_flow_chart_english.jpg

Bedømmingskomité

Det er rettleiaren sitt ansvar å ta kontakt med aktuelle fagfolk og sende inn ein søknad til Forskingsutvalet ved oppnemning av bedømmingskomité. Søknaden må være grunngjeven, og CV for alle komitémedlemmene skal leggjast ved. Bedømmingskomiteen er samansett av første- og andre opponent og koordinator. Koordinatoren må være kjend med det norske doktorgradssystemet og helst vere ein vitskapleg tilsett ved AHO. Alle dei tre medlemmene skal ha doktorgrad, og begge kjønn skal være representert. Reader kan ikkje vere medlem av bedømmingskomiteen.

Bedømmingskomiteen vil til vanleg ha ein frist på tre månader frå avhandlinga vart motteken og til den skal levere innstillinga. Avvik på grunn av feriar, sjukdom eller liknande kan førekome. Komiteen bestemmer disputasdato. All kontakt med bedømmingskomiteen skal gå gjennom forskingsadministrasjonen.

Komiteen skal levere ei grunngjeven innstilling til Forskingsutvalet ved AHO minst fem veker før fastsett disputasdato. Innstillinga skal munne ut i ein av følgjande tre konklusjonar: at avhandlinga vert funnen verdig til forsvar i ein offentleg disputas, at avhandlinga ikkje vert funnen verdig til forsvar (avvising), eller komiteen kan kome med ei tilråding om ein mindre revisjon før endeleg innstilling ligg føre.

Prøveførelesning

Kandidaten får tittelen på prøveførelesninga to veker (ti verkedagar) før disputasen. 

Trykking av avhandling - praktisk informasjon

Godkjent avhandling
Når bedømmingskomiteen har levert ei innstilling som konkluderer med at avhandlinga er funnen verdig til å bli forsvart i ein disputas, kan trykkjeprosessen starte. Merk at den trykte avhandlinga skal vere identisk med den som vart innlevert til bedømming, med unntak av retting av småfeil av formell karakter. Alle slike korreksjonar skal oppførast i ei errata-liste, sjå punkt under. Det er heller ikkje høve til å bytte ut ein artikkel som er publisert etter at avhandlinga er levert.
 
Rekvisisjonsskjema
Før avhandlinga kan trykkjast, må AHO sende inn et rekvisisjonsskjema til trykkeriet (Bodoni). Du vil ta imot eit utkast og bli beden om å fylle ut naudsynte opplysningar, samt å signere skjemaet. Deretter sender forskingsadministrasjon skjemaet til trykkeriet og trykkjeprosessen kan starte.
 
Trykking
Bodoni trykkjer alle doktoravhandlingar ved AHO. AHO bestiller eit opplag på 50 eksemplar frå trykkeriet. Skulen dekkjer kostnader øyremerka trykking opp til ein fast sum fastsett av AHO. Dersom trykkekostnadene overskrid denne summen, må kandidaten sjølv dekkje det resterande beløpet. Du får 25 frieksemplar av den trykte avhandlinga, men du kan bestille fleire eksemplar og betale desse sjølv (fortel oss det talet du ønskjer i rekvisisjonsskjemaet).
 
AHO tilrår deg å kontakte Bodoni for å avtale leveringstid så snart den positive innstillinga ligg føre og rekvisisjonsskjemaet er sendt til trykkeriet. Helst skal avhandlinga vere ferdig trykt to veker før disputasen. Før levering må du gå nøye gjennom filer og kontrollere at alt er korrekt. Dette er ditt eige ansvar. Forskingsadministrasjonen opplyser om kven som er din kontaktperson ved Bodoni
NB: Du sender avhandlinga, inkludert cover laga av informasjonsavdelinga til trykkeriet som ei, samla pdf-fil med kopi til forskingsadministrasjonen.
 
Dersom det er ønskjeleg, kan du bestille et prøvetrykk av avhandlinga før heile opplaget vert trykt. Ved prøvetrykk kan ein kontrollere at alle sider i avhandlinga er med og kjem i rett rekkefølgje, og at kvaliteten på illustrasjonar og på avhandlinga generelt tilfredsstiller krav for trykking. Det er ikkje høve til å foreta korrektur av manus eller gjere andre endringar på grunnlag av prøvetrykket, anna enn tekniske endringar. Meir informasjon om prøvetrykk får du via din kontaktperson i Bodoni.

Faste spesifikasjonar trykk:
Format: 17x24 cm
Papir innmat: 90g Multioffset
Papir omslag: 300g Invercote creato matt
Trykk innmat: 1+1 sort / 4+4 cmyk
Trykk omslag: 4+0 cmyk
Innbinding: limfres softcover
Trykkoriginalar: PDF
Fargesider: AHO dekker inntil 40 fargesider per eksemplar. Overskytande fargesider dekkes av kandidaten:
Prøvetrykk: Dekkes av AHO
 
 
Levering og trykking
Bodoni mottar trykkeklare PDF-er frå kandidat, setter samen i rett rekkefølge, og skalerer til trykkeformat (17x24cm).
Bildar og figurer bør være i enten vektorformat eller 300 dpi oppløysning. Fontar må være embedded. I motsett fall kan tekst falle ut eller bli feil. Bodoni køyrar en automatisk preflight av alle filer og gir tilbakemelding om problem.
Kandidaten mottar trykkfil for gjennomsyn og godkjenner denne før trykk. Dersom det ønskes fysisk prøvetrykk, avtales dette på forhand.
 
ISSN-nummer, ISBN-nummer og con-text-nummer
Desse opplysningane skal føres opp på kolofonsida (sjå mal). Du får dei frå forskingsadministrasjonen.
 
Omslaget
Informasjonsavdelinga ved AHO set omslaget på bakgrunn av materiale frå deg. Spesifikasjonar finn du i vedlegget Cover Requirements, som du fyller ut og sender til Eileen Danielsen ed@aho.no
 
Errata-liste
I de tilfella der du oppdagar skrivefeil eller andre formelle feil etter at avhandlinga er sendt til komiteen, skal det lagast ei errata-liste der alle endringar som er gjort skal oppførast. Bedømmingskomiteen kan også påpeke formelle feil som bør korrigerast før avhandling vert trykt. Dersom du skriv et forord som ikkje var der i utgåva som vart sendt til komiteen, skal også dette påpeikast i errata-lista. Du kan ikkje gjere endringar av fagleg karakter, eller i sjølve språkføringa (føye til eller stryke avsnitt og liknande).
 
NB! Errata-lista skal sendast til forskingsadministrasjonen samtidig med avhandlinga vert sendt til trykkeriet.
 
Nyheitssak / Pressemelding
Informasjonsavdelinga skriv ei nyheitssak om avhandlinga, på bakgrunn av informasjon frå deg. I tillegg vert det lagt det ut informasjon om disputasen på nettsida til AHO (kalender).
Naudsynt informasjon til nyheitssak skriven for et generelt publikum, på norsk (og eventuelt engelsk) er ein kort presentasjon av temaet i avhandlinga og dei viktigaste funn/konklusjonar
Skrivetips: få fram hovudpoenga først, bruk døme og enkelt språk, dropp gjentakingar. Kontakt informasjonsavdelinga for fleire tips og evt. avtale om intervju.
 
Elektronisk arkivering av avhandlinga
AHO har som policy at alle ph.d.-avhandlingar skal gjerast tilgjengelege i publiseringsarkivet ved AHO, ADORA. I tillegg er det obligatorisk å publisere eit samandrag av avhandlinga. Før arkivering er det viktig at du har avklart copyright til alle artiklar og illustrasjonar som er brukt i avhandlinga. Biblioteket vil sende deg eit avtaleskjema som vi ber deg fylle ut og returnere, kontakt biblioteket eller forskingsadministrasjonen om du har spørsmål om dette.

 

Disputas

Prøveforelesinga og disputasen (forsvaret av avhandlinga) finn stad same dag. Først held kandidaten prøveforelesinga, som komiteen må godkjenne før disputasen kan starte. Etter ein pause kunngjer komiteen om prøveforelesinga er godkjent. Viss ja, presenterer kandidaten avhandlinga. Deretter begynner disputasen med at den første opponenten held sitt innlegg. Etter ein lunsjpause vil det vere mogleg for publikum å stille spørsmål til kandidaten «ex. auditorio», før den andre opponenten begynner. Dei som vil stille spørsmål, må melde frå skriftleg til seremonimeisteren i pausen. Etter at begge opponentane er ferdige med sine innlegg, vil komiteen kunngjere om disputasen er godkjent eller ikkje.

Når det gjeld innlegga frå opponentane, er føremålet å etablere ein dialog med kandidaten, slik at avhandlinga kan bli belyst og diskutert i all sin kompleksitet. Opponentane bør ha ulike tilnærmingar, med fokus på tema og problemstillingar knytt til eigne faglege interesser og forskingsområde. Tradisjonelt har første-opponenten hatt et overordna perspektiv på avhandlinga, mens andre- opponenten har konsentrert seg meir om detaljer, men dette er ikkje eit absolutt krav.


Kleskode

Formellt/semiformelt. 


Skisse til program

Tidspunkta kan variere.


10:00 Velkommen, ved seremonimester

  • Publikum reiser seg for å vente på kandidaten og komiteen, som går i prosesjon inn i auditoriet. Rekkefølgje: Kandidat, første-opponent, andre-opponent og koordinator.
  • Seremonimeisteren held ein formell introduksjon og presenterer kandidaten og komiteen.

 

Prøveforelesning (45 min)


Pause

Komiteen trekkjer seg tilbake for å avgjere om prøveforelesinga er godkjent, og brukar pausen til åete lunsj. Eit møterom vert stilt til disposisjon for komiteen heile dagen. Komiteen går til kantina for å velje mat og drikke til lunsj. (Koordinatoren gir et rekvisisjonsnummer til kantinepersonalet.) Lunsjen kan, om det er ønskjeleg, bli sett inn på møterommet på førehand..


12:00 Disputas

  • Kandidat og komité går inn i auditoriet i prosesjon.
  • Seremonimeisteren ber koordinatoren om å kunngjere om komiteen har godkjent prøveforelesinga.
  • Viss ja: Kandidaten presenterer avhandlinga (20 min)
  • Første-opponenten disputerer med kandidaten. (Inga fast tidsramme. Omtrent en time er normalt.)


Pause

  • Eventuelle spørsmål ex auditorio (skjer veldig sjeldan)
  • Andre-opponenten disputerer med kandidaten (tidsramme: som for første-opponenten)
  • Komiteen trekker seg tilbake for å avgjøre om disputasen er godkjent.


Pause

  • Seremonimeisteren inviterer koordinatoren til å presentere komiteens endelige godkjenning eller avvising av disputasen
  • Seremonien er over.
  • Viktig: Alle komitémedlemmene skal signere sensurskjemaet, som koordinator overleverer til AHOs forskingsadministrasjon.

Kreering og diplom

Det er styret for AHO som tildeler doktorgraden ved å kreere kandidaten til philosophiae doctor (ph.d.) etter tilråding frå Forskingsutvalet. Kandidaten får deretter eit diplom som blir utdelt i ein høgtideleg diplomseremoni.
Diplomseremonien finn stad to gonger i året, i juni og i januar.