fbpx Studentstipend til smart bruk av tre i Møre og Romsdal | Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo

Språk

Studentstipend til smart bruk av tre i Møre og Romsdal

Studentstipend til smart bruk av tre i Møre og Romsdal

Er du student og planlegg å skrive ei oppgåve om bruk av tre? Vel du ei oppgåve i samarbeid med trebaserte næringar i Møre og Romsdal, kan du søke om kr 10 000 frå Tredrivar-prosjektet i Møre og Romsdal.

Møre og Romsdal har ei lang historie med trebaserte næringar. Her har vi tradisjonar for produksjon av møblar, skip, dører, trappar, vindauge og mykje meir, alt saman av tre. I dag har vi eit godt regionalt næringsliv basert på råstoff frå skog.

Kva:
Stipendet er på kr 10 000 per oppgåve. Det er tenkt å kunne dekke reise og opphald for studentar ved bedriftsbesøk i samband med oppgåva.

Kven kan søke:
Studentar kan søke saman med verksemder i Møre og Romsdal. Studentane skal høyre til eit studieprogram på bachelor- eller masternivå innan eit relevant fagområde. Prosjektideen skal vere godkjent av ein fagleg rettleiar, oppgåva må gi studiepoeng og kunne inngå i ein grad.

Med relevant fagområde tenker vi i vid forstand, og gjerne kopla mot dei tre dimensjonane ved berekraft Den tredelte bunnlinje – Store norske leksikon (snl.no) Bærekraftig utvikling (fn.no).

Les meir om korleis du søker på Statsforvaltaren i Møre og Romsdals heimeside.