fbpx Bibliotektenester | Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo

Språk

Bibliotektenester

Bibliotektenester

Biblioteket tilbyr gratis tilgang til bøker, tidsskrift og fagressursar, og dessutan moglegheit for kopiering og skanning. Me har arbeidsplassar, lesesal og eitt grupperom som kan bestillast i opningstida vår.

 

Samlingane

Biblioteket har ei rikhaldig samling litteratur innan undervisningsfaga, og ein del støttelitteratur.


Boksamlinga

Boksamlinga er organisert etter UDK. Bruk kartfunksjonen i bibliotekbasen (Oria) for å finna fram.
Bøker som kan lånast står primært på nedre plan. Bøker til bruk i biblioteket står på messaninen.


Vitskapleg stabs utgivingar

Biblioteket har ei eiga hylle for forlagsutgivingar frå den vitskaplege staben vår. Tips oss dersom du saknar noko. Me tek gjerne imot forfattareksemplar. Antologiar er berre med dersom ein tilsett ved AHO er redaktør. Oversikt over vitskaplege artiklar og bokkapittel finn du i Cristin.

Tidsskrift

Alle tidsskrift er søkbare i bibliotekbasen (Oria), mange er søk bare på artikkelnivå. Siste års utgåver av tidsskrifta er stilt opp alfabetisk i tidsskriftkroken. Eldre årgangar blir bundne inn og står på messaninen. Elektroniske tidsskrift og artikkeldatabasar biblioteket abonnerer på er tilgjengelege via IP-adressa til skulen.