Språk

Om biblioteket

Om biblioteket

Biblioteket ligg i første etasje på AHO, med lokale ut mot Akerselva. Det er ope for alle, men det er berre studentar og tilsette ved AHO som kan låne direkte.

Samlingane

Samlingane i biblioteket var i starten basert på gåver, bl.a. med bøker frå Bygningsklassen på SHKS som grunnlag. Den systematiske oppbygginga starta etter at skulen fekk lokale i St. Olavs gate i 1968. AHO fekk overført industridesignarutdanninga i 1996, og oppretta masterstudium i landskapsarkitektur i 2004. Gjennom åra har biblioteket motteke mange gåver som har medverka til å styrke dei eldre samlingane. Bl.a. har Deichmanske bibliotek donert ei samling frå Byarkitektens kontor, Norsk Form har bidrege med ei designsamling og mange arkitektkontor og andre aktørar har gjeve sine boksamlingar. Norske arkitekters landsforbund har overført si samling av generalplanar og ein del anna eldre materiale.
I 2016 er samlingane på ca 50.000 trykte bøker, ca 200 laupande trykte tidsskrift, og 2000 e-tidsskrift. Tilveksten er ca.1000 bind per år. Hovudtyngda er arkitektur, urbanisme/landskapsarkitektur, design, kunst og teknologi og med støttelitteratur innan samfunnsfag, filosofi og vitskapsteori.

Biblioteket har ikkje arkitektteikningar eller anna arkivmateriale. Bortsett frå doktorgradsavhandlingar er trykte studentoppgåver berre unntaksvis leverte til biblioteket. Doktorgradsavhandlingar og masteroppgåver (frå 2017) blir arkivert digitalt i AHOs institusjonelle arkiv ADORA.

Digitale ressursar

AHO har tilgang til  referansedatabasar og digitale tidsskriftspakkar innan våre fagområde, ei e-bokpakke og ein del sentrale oppslagsverk. 

Plassering og gjenfinning

Mesteparten av samlingane står ope tilgjengeleg. Nedre plan har hovudtyngda av utlånssamlinga. På mezzaninen er det innbundne tidsskrift, referanse- og lesesalsbøker og ei guidesamling. Biblioteket har eit lukka magasin for oppbevaring av eldre materiale, bl.a. ein del plansjeverk.
Heile samlinga til biblioteket er registrert og kan søkjast opp i Oria.

Ønsker du å gi oss bøker/tidsskrifter i gave?

Vi er takknemlig for gaver, men forbeholder oss retten til å gi bort eller kaste titler vi ikke har bruk for.

Vi har ikke anledning til å hente, så du må selv bringe bøkene/tidsskriftene til oss.

Vi har komplette årganger av Byggekunst, Arkitektur N, Arkitektnytt og Bonytt allerede og trenger ikke flere eksemplarer.