fbpx Åpen dag 2024 på Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo | Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo

Språk

En gruppe på seks får omvisning på AHO av en AHO-student

Åpen dag 2024 på Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo

Kom og opplev AHO frå innsida torsdag 7. mars! Me opnar dørene for deg som er interessert i å studera arkitektur, design eller landskapsarkitektur.

Det blir utstilling av studentarbeidar frå alle studieprogram, informasjon om opptaksprøva, studiepresentasjonar, informasjonstorg og omvisningar på skulen og i verkstadene. Du får moglegheita til å prata med AHO-studentar, som meir enn gjerne delar frå studiekvardagen sin.

Program

Kl. 10.00–14.00: Utstillingar


Sjå studentprosjekt frå dei tre studieprogramma våre: arkitektur, design og landskapsarkitektur.
 

Kl. 10:00–14:00: Tips til opptaksprøva


Møt studentar som gir tips og råd til opptaksprøva, og som deler erfaringar frå dei sjølv søkte studieplass på AHO.
 

Kl. 10.00–14.00: Opplev verkstadene!


Verkstadene på AHO er der prosjekta til studentane blir forvandla frå idé til verkelegheit. Få eit unikt innblikk i mangfaldet av moglegheitene som finst der.
 

Kl. 10.00–14.00: Studieinformasjon


Har du spørsmål om studieprogramma, søking eller opptak? Snakk med studierådgivarane våre om alt frå val av studium til studiekvardag.
 

Kl. 10.30–13.30: Omvisningar


Få ei omvisning gjennom dei spennande verkstadene, unike klasseromma og det flotte biblioteket til skulen.
 

Kl. 10.30–11.30: Presentasjonar


Lytt til lærarar fortelja om studieprogramma, studentar dela frå studiekvardagen og opptakskontoret fortelja om opptaksprøva.
 

Kl. 12.00: Kaffi og bollar


Kantina byr på gratis bollar og kaffi!
 

Kl. 12.30–13.30: Presentasjonar


Lytt til lærarar fortelja om studieprogramma, studentar dela frå studiekvardagen og opptakskontoret fortelja om opptaksprøva.


Ikkje moglegheit til å delta?

Då kan me tipsa om Digital open dag torsdag 14. mars – eit alternativ for deg som ikkje kan delta på fysisk open dag. Det betyr at du, uavhengig av kvar du er, også får sjansen til å «besøkja» AHO!

Rigg deg til heime framfor skjermen for informasjon om opptaksprøva, eit gjensyn med studiepresentasjonane frå fysisk open dag, spørsmål og svar med AHO-studentar i Zoom, med meir!
Program:

Dato: 7 mars, 2024
Tid: 10:00 - 14:00

Sted: Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo
Adresse: Maridalsveien 29, 0175 Oslo

Me arrangerer også digital open dag torsdag 14. mars. Sjå programmet her.