Gjennom eit byggjeprosjekt i én-til-én-skala har studentane utvikla fjorten rom i byggjehallen på Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo (AHO). Saman dannar rommane eit større performativt verk med tittelen «LIVET #1-14». Prosjektet blir avslutta med ei spennande framføring, som er open for alle.
Kl. 18:00: Byggjehallen
Dørene opnar, og publikum blir sloppe inn i puljar. For å oppleva framføringa treng du mobiltelefon og hovudtelefonar.
Kl. 18:00–21:00: AHO Pub
Det blir selt drikke og snacks i puben.
Etter opningsdagen held utstillinga ope i kvardagar frå kl. 16:00–19.00, t.o.m. torsdag 31. oktober.
I løpet av sju veker har arkitekturstudentane teikna og bygd fjorten rom i byggjehallen på AHO, som er sjølve tomta og konteksten for prosjektet. Det samla verket undersøkjer handlingar knytt til menneskets livssyklus i ei verd prega av uvisse for framtida – problemstillingar som berører fellesskapa våre og måten me lever på.
Romma tek utgangspunkt i ein enkel stillasstruktur, kombinert med gjenbruksmateriale i tre og tekstil. Materiala som er skaffa er hovudsakleg gjenbruk frå endra prosjekt, mellom anna frå utstillingar på Nasjonalmuseet og laken frå hotellinustrien. Stillaset er ein midlertidig modulbasert struktur som kan samlast og bli brukt på nytt.
Ein takk frå lærarar og studentar til prosjektets sponsorar: Nasjonalmuseet, OBOS, Moelven, HC Thauglands Trælastforretning, Essve, Doserne AS og CC Tekstilservice.
Dato: 23 oktober, 2024 - 31 oktober, 2024
Tid: 18:00 - 19:00
Sted: Byggehallen på AHO
Adresse: Maridalsveien 29, 0175 Oslo