fbpx LIVET #1-14 – Eit performativt verk i samarbeid med Goksøyr & Martens | Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo

Språk

LIVET #1-14 – Eit performativt verk i samarbeid med Goksøyr & Martens

Førsteårsstudentane ved Master i arkitektur har fått ein unik moglegheit til å samarbeida med den anerkjende kunstnarduoen Goksøyr & Martens. Gjennom eit 1:1-prosjekt skal studentane utvikla fjorten rom, som saman skal danna eit større performativt verk med tittelen LIVET #1-14.

I løpet av ein sju vekers prosjektperiode jobbar arkitekturstudentane med å teikne og byggja desse romma i byggehallen på AHO, som er sjølve tomta og konteksten for prosjektet. Romma blir bygde med ein enkel stillasstruktur, supplert av materiale som trevirke og tekstilar. Mykje av materiala er gjenbruk frå tidlegare prosjekt, mellom anna frå Nasjonalmuseet og hotellindustrien.

Verket utforskar tema knytt til menneskets livssyklus, fellesskap og uvisse i ei verd prega av utfordringar for framtida. Gjennom dette samarbeidet vil studentane dykka ned i spørsmål som berører korleis me lever våre liv og korleis me organiserer samfunna våre.

Prosjektet blir avslutta med ei prøveførestilling som er open for publikum, og alle som ønskjer å oppleva dette unike prosjektet. Velkommen!

Program:

Dato: 23 oktober, 2024
Tid: 18:00

Sted: Byggehallen på AHO
Adresse: Maridalsveien 29, 0175 Oslo