fbpx FISKEVÆR – Myre på Yttersida | Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo

Språk

FISKEVÆR – Myre på Yttersida

FISKEVÆR – Myre på Yttersida

AHO-professorar Karl Otto Ellefsen og Tarald Lundevall har skrive bok om eit fiskevær i Vesterålen, der arkitektur vert diskutert som omgivnader og samfunnsuttrykk.

Boka vart nyleg lansert i Nord-Noreg, under «Skreidagan» i Myre i Vesterålen. Fiskeriminister, tidlegare fiskeriministrar, fylkesordfører og fylkesrådmann i Nordland, kommunale notabilitetar og leiande krefter i fiskerinæringa var til steda, saman med lokalfolkesetnaden.
 
Ellefsen og Lundevall kallar boka ein «stadmonografi».
 
– Dette er ein uvanleg arkitekturbok, fordi han diskuterer arkitektur som omgivnader og samfunnsuttrykk og ikkje som verk, seier Ellefsen.
 
Forfattarane arbeidde i Vesterålen i eit tiår frå midten av 1970-talet.
 
– Fiskeværa er ein unik del av Noregs busetjingshistorie. Vinterfisket etter skrei la grunnlag for ein fiskeværkultur som er spesielt velutviklet i området frå Lofoten til Senja. Hamner, kaier, mottak, produksjonsføretak, bustader og fellesbygningar kan i desse vêra lesast som reiskap for næringa, som ein fangstkultur sin tilpassing og som avtrykket til fiskerinæringa på land.


img_1192.png
Frå lanseringa, Kultursjef Hilde Hansen intervjuer forfatterane
 
Boka følgjer fiskeværet Myre – i dag den største norske fiskerihamna for skrei og kvitfisk. Staden speglar nesten uhyggeleg tydeleg endringar langs den nordnorske kysten dei siste hundre åra. Myre er byggetradisjon, sett i verk fiskeripolitikk, distriktspolitikk sett i scene og bygd ideologi.
 
Har fiskeværkulturen og stadar som Myre ei framtid? Vil staden overleva som samfunn og autentisk kulturuttrykk eller gradvis verta omdannet og forfalla til eit forlate ruinlandskap – som så mange andre av fiskeværa i Nord-Noreg?
 
200 illustrasjonar, historiske og eigne fotografi som forfattarane har teke gjennom 40 år, dannar ein eiga forteljing i teksta.
 
Boka er utgjeven på PAX forlag, og kan kjøpast i resepsjonen på AHO.

 
0
For å sette pris på omgivelsene kreves enten et sanseapparat fylt av hjemstavnskjærlighet, et trenet øye som leser arkitekturen som samfunnsbilder eller entusiaster som gleder seg over autentiske uttrykk

- Fra ​FISKEVÆR – Myre på Yttersida