fbpx Studentprosjekt vann pris for beste Oslo-forskning | Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo

Språk

Studentprosjekt vann pris for beste Oslo-forskning

Fra venstre: Brage Hammeren Pedersen, Are Skeie Hermansen, Matteo Lomaglio, Geir Lippestad og Pål Oskar Hundebo. Foto: Ninja Sandemose

Studentprosjekt vann pris for beste Oslo-forskning

Arkitektstudent Matteo Lomaglio vant pris for beste masteroppgåve med Oslo-tematikk for prosjektet "Oslo Convergence. 24 hours hub in Slottsparken".

På Kunnskap Oslos årsmøte 8. juni delte byråd Geir Lippestad ut prisar for beste Oslo-forsking i 2016 . Saman med tre studentar og tilsette ved UiO, fekk italienske Lomaglio hedar, ære og 40 000 kroner for prosjektet sitt frå kursa ACDL: 24-hour Oslo.


matteo_lomaglio_0.jpg
Prosjektbeskrivelse kan lastes ned her

Juryen skriv:

Masteroppgåva representerer eit grundig og innovativt arbeid med å planleggja eit døgnåpent bygg i Oslo sentrum. Bygget er plassert i det nordøstre hjørnet av Slottsparken. Designen av sjølve bygget er basert på omfattande analysar av korleis byrommet vert brukt av ulike grupper til ulike tider av døgnet og av kva for tilbod og funksjonar som finst i det aktuelle området. Lomaglio analyserer blant anna data om løping og sykling frå trening si-apper. Data frå biletopplastingstenester gjev informasjon om der turistar ferdast gjennom stadfesting av bileta dei lagrar. Vidare analysar av kollektivtransporttilbod og åpningstider i butikkar bidreg òg til å utfylla biletet av området bygget skal liggja i.
 
Det innovative i prosjektet ligg både i breidda av informasjon til samanliknast for å tilpassa bygt best mogleg til omgivnadene og behovet til brukarane og i dei digitale hjelpemidla forfattaren tek i bruk for å analysera informasjonen og knytte utforminga av sjølve bygningen til den kunnskapen han har samla. Resultatet av prosjektet er både eit konkret bygg og ein metode som kan ha overføringsverdi for byutvikling meir generelt.

AHO gratulerer!