fbpx Disputas | Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo

Språk

Disputas

Prøveforelesinga og disputasen (forsvaret av avhandlinga) finn stad same dag. Først held kandidaten prøveforelesinga, som komiteen må godkjenne før disputasen kan starte. Etter ein pause kunngjer komiteen om prøveforelesinga er godkjent. Viss ja, presenterer kandidaten avhandlinga. Deretter begynner disputasen med at den første opponenten held sitt innlegg. Etter ein lunsjpause vil det vere mogleg for publikum å stille spørsmål til kandidaten «ex. auditorio», før den andre opponenten begynner. Dei som vil stille spørsmål, må melde frå skriftleg til seremonimeisteren i pausen. Etter at begge opponentane er ferdige med sine innlegg, vil komiteen kunngjere om disputasen er godkjent eller ikkje.

Når det gjeld innlegga frå opponentane, er føremålet å etablere ein dialog med kandidaten, slik at avhandlinga kan bli belyst og diskutert i all sin kompleksitet. Opponentane bør ha ulike tilnærmingar, med fokus på tema og problemstillingar knytt til eigne faglege interesser og forskingsområde. Tradisjonelt har første-opponenten hatt et overordna perspektiv på avhandlinga, mens andre- opponenten har konsentrert seg meir om detaljer, men dette er ikkje eit absolutt krav.


Kleskode

Formelt/semiformelt. 


Skisse til program

Tidspunkta kan variere.


10:00 Velkommen, ved seremonimester

  • Publikum reiser seg for å vente på kandidaten og komiteen, som går i prosesjon inn i auditoriet. Rekkefølgje: Kandidat, første-opponent, andre-opponent og koordinator.
  • Seremonimeisteren held ein formell introduksjon og presenterer kandidaten og komiteen.

 

Prøveforelesning (45 min)


Pause

Komiteen trekkjer seg tilbake for å avgjere om prøveforelesinga er godkjent, og brukar pausen til å ete lunsj. Eit møterom vert stilt til disposisjon for komiteen heile dagen. Komiteen går til kantina for å velje mat og drikke til lunsj. (Koordinatoren gir et rekvisisjonsnummer til kantinepersonalet.) Lunsjen kan, om det er ønskjeleg, bli sett inn på møterommet på førehand.


12:00 Disputas

  • Kandidat og komité går inn i auditoriet i prosesjon.
  • Seremonimeisteren ber koordinatoren om å kunngjere om komiteen har godkjent prøveforelesinga.
  • Viss ja: Kandidaten presenterer avhandlinga (20 min)
  • Første-opponenten disputerer med kandidaten. (Inga fast tidsramme. Omtrent en time er normalt.)


Pause

  • Eventuelle spørsmål ex auditorio (skjer veldig sjeldan)
  • Andre-opponenten disputerer med kandidaten (tidsramme: som for første-opponenten)
  • Komiteen trekker seg tilbake for å avgjøre om disputasen er godkjent.


Pause

  • Seremonimeisteren inviterer koordinatoren til å presentere komiteens endelige godkjenning eller avvising av disputasen
  • Seremonien er over.
  • Viktig: Alle komitémedlemmene skal signere sensurskjemaet, som koordinator overleverer til AHOs forskingsadministrasjon.