Prioriterte emneområde for forskingsinnsats vil bli kunngjort ved utlysing av stipendiatstillingar ved opptak til doktorgradsprogrammet ved AHO. Instituttilknytning og potensiell rettleiar vil bli kunngjort i utlysningsteksten.
Søknad på stipendiatstilling skal innehalde:
For vurdering av søkjarar nemner FU opp ein sakkunnig komité. Instituttet doktoranden skal vere tilknytt, skal kome med forslag til medlemmer. Komiteen skal vere samansett av 3 personar, der to medlemmer helst skal være eksterne. Begge kjønn skal, om det er mogleg, vere representert. Alle medlemmene må ha doktorgrad eller tilsvarande kompetanse. Dersom kriteria ikkje vert oppfylte, skal dette kome fram i ei særskilt grunngjeving.
Dei viktigaste kriteria for prioritering mellom søkjarar skal vere:
Den sakkunnige komiteen si oppgåve er å vurdere kvalifikasjonar for opptak til AHOs doktorgradsutdanning. Komiteen skal skilje mellom kvalifiserte og ikkje-kvalifiserte søkjarar og gjere vurderingane sine på bakgrunn av innsendt materiale. Komiteen skal leggje fram vurderingar av kvar enkelt kvalifiserte søkjar. Om det ikkje eksplisitt er bede om det, skal ikkje søkjarane rangerast.
Det aktuelle instituttet vurderer søkjarane som er funne kvalifiserte i samråd med prosjektleiar, og kan intervjue kandidaten om det er ønskjeleg. Instituttet gir tilråding om tilsetjing og skriv innstilling. Komiteen sine vurderingar og instituttet si innstilling skal handsamast av FU. FU er tilsetjingsorgan for stipendiatstillingar ved AHO.
Om mogleg skal tilsetjing og opptak til ph.d.-programmet handsamast på same tidspunkt, slik at vedtak om tilsetjing også inneber opptak til ph.d.-programmet ved AHO.
AHO tek berre opp studentar som kan dokumentere finansiering for heile opptaksperioden.
Eksterne søkjarar med finansiering frå eigen institusjon, frå andre eksterne kjelder eller med eigenfinansiering, må leggje fram dokumentasjon på slik finansiering ved søknadstidspunktet.
Tilsegn om opptak til ph.d.-programmet ved AHO vert berre gjeve med atterhald om finansiering. Det vert då gjeve tilsegn om opptak under føresetnad av at søkjaren kan dokumentere at finansiering vil kunne sikrast før doktorgradsstudiet tek til.
FU vurderer alle søknader om opptak til doktorgradsprogrammet.
Opptak skal nektast dersom:
Om FU godkjenner søknadene, nemner FU opp ein sakkunnig komité som normalt skal vere samansett av 3 medlemmer som skal vurdere om søkjaren/søkjarane er kvalifisert(e). Begge kjønn skal, om det er mogleg, vere representerte. Alle medlemmene må ha doktorgrad eller tilsvarande kompetanse. Dersom kriteria ikkje vert oppfylte, skal dette kome fram i ei særskilt grunngjeving.
Avgjerd om opptak skal vere basert på ei samla vurdering av søknaden. Dei viktigaste kriteria for vurdering av opptak til doktorgradsutdanninga er:
Den sakkunnige komiteen si oppgåve er å vurdere kvalifikasjonar for opptak til doktorgradsprogrammet. På bakgrunn av innsendt materiale, skal komiteen leggje fram ei tilråding. Tilrådinga skal sendast til FU, som på bakgrunn av denne og søknaden gjer vedtak om opptak.
I opptaksvedtaket skal minst ein rettleiar nemnast opp, ansvaret for handtering av andre behov som er skissert i søknaden skal plasserast, og avtaleperioden skal fastsetjast med startdato og sluttdato. Startdatoen skal vere den same som startdatoen for finansieringa. Eventuell forlenging av avtaleperioden må relaterast til rettar ein har som arbeidstakar, eller avklarast spesielt i høve til finansieringsgrunnlaget til kandidaten. Opptaksvedtaket er berre gyldig om det ligg føre ein signert doktorgradsavtale der alle partar har signert.
På grunn av tilpasningen til Korona-situasjonen har Styret vedtatt nye midlertidige forskrifter. Myndighet som med dette er overført fra Styret til Rektor gjelder kun for tidsrommet som er påvirket av Korona-situasjonen.
Midlertidig forskrift for graden philosophiae doctor (ph.d.) ved Arkitektur og designhøskolen i Oslo 24.03.2020
Ved opptak skal skriftleg avtale fyllast ut og signerast av kandidat, rettleiar og AHO.
Opptaksavtalen er utarbeidd på grunnlag av Veiledende retningslinjer for graden philosopiae doctor (ph.d.) tilrådd av Universitets- og høgskolerådet (UHR) 29.04.11 (revidert 29.01.15) og erstattar tilsvarande avtale frå 2004. Føremålet med avtalen er å supplere AHO sitt vedtak om opptak til ph.d.-utdanninga. Målet er at forpliktande avtalar mellom partane skal medverke til å sikre at kandidatar som vert tekne opp til ph.d.-utdanning har arbeidsvilkår som gjer det mogleg å gjennomføre innan avtalt tid.
Avtaleverket er utforma i samsvar med dei lovene og forskriftene som omfattar ph.d.-utdanninga, sjå lov om universitet og høgskolar (Universitets- og høgskolelova) av 2005 med forskrifter, særleg forskrift om tilsetjingsvilkår for stillingar som postdoktor, stipendiat, vitskapleg assistent og spesialistkandidat, fastsett av Kunnskapsdepartementet 31.01.06, og dessutan dei utfyllande føresegnene som gjeld til kvar tid. Vidare byggjer avtalen på anna lov- og regelverk, som tenestemannslova med forskrifter, forvaltningslova, åndsverkslova og patentlova, og i tillegg nasjonalt kvalifikasjonsrammeverk for livslang læring (NKR) og UHRs rettleiande retningslinjer for ph.d.-graden og for kreditering av vitskaplege publikasjonar til institusjonar.
Avtalen tek sikte på å omtale og regulere dei viktigaste sidene ved ph.d.-utdanninga. Avtalen består av tre delar:
Del A, Generell del, skal fyllast ut for alle kandidatar som er tekne opp til ei ph.d.-utdanning. Avtalepartar i del A er ph.d.-kandidat, ansvarleg ved AHO og institutt.
Del B, Avtale om fagleg rettleiing i ph.d.-utdanninga, skal fyllast ut for alle kandidatar som er tekne opp. Avtalepartar i del B er ph.d.-kandidat, rettleiar(ar) og institutt. Del B i avtalen vert inngått for alle rettleiartilhøva.
Del C, Avtale mellom ekstern part og AHO om gjennomføring av ph.d.- utdanning, vert fylt ut for dei kandidatane som har ekstern finansiering og/eller arbeidsplass.
For nærings-ph.d. skal det i tillegg opprettast ein særskilt samarbeidsavtale, jf. retningslinjer frå Noregs forskingsråd. Dersom ein kandidat er knytt til to eller fleire institusjonar, skal det opprettast avtale for kvar av dei eksterne partane.
Kandidaten presenterer avhandlingsarbeidet i eit ope seminar. Til vanleg vil det årlege ph.d.-kollokviet vere ein del av midtvegsseminaret. Presentasjonen bør ideelt sett haldast i tredje semester, og romme:
Kandidaten innleiar med å presentere arbeidet (ca. 20 minutt). Deretter vert arbeidet diskutert av ein/to opponentar (interne/eksterne opponentar). Kommentatortida er stipulert til ca. 20 min. Til slutt får dei andre deltakarane på seminaret høve til å stille spørsmål til kandidaten.
Rettleiar leiar seminaret. Elles deltek kandidat, opponentar og andre rettleiarar. Utover detter er seminaret ope for alle interesserte.
Kandidaten skal sende ut eit skriftleg underlag til presentasjonen 2 veker før seminardato. Underlaget skal innehalde ei oversikt over heile avhandlingsarbeidet så langt, inkludert dei sentrale forskingsspørsmåla, teoretisk rammeverk og metodologi. Underlaget skal også innehalde ein plan for det arbeidet som står att
Alle studentar med opptak på ph.d.-programmet ved AHO må fylle ut ein ISP (individuell studieplan) kvart semester. Einaste unntak er kandidatar som har fått stadfesta disputas eller er i langvarig sjukmelding/permisjon. Forskingsadministrasjonen og leiar av ph.d.-programmet sender ut påminning før kvar rapportering. Rapporten skal leverast innan 30. september i haustsemesteret og 30. mars i vårsemesteret.
ISP-en er delt inn i tre delar. Del 1 og 2 vert rekna som offentlege og vert brukt til å halde skulen oppdatert på innhald, aktivitetsplan og publikasjonar i prosjektet, samt fullførte kurs. Del 3 er rekna som konfidensiell og vil ikkje bli offentleggjort. Den tredje delen skal fyllast ut av rettleiar, i samarbeid med kandidaten.
Den oppdaterte ISP-en skal leverast til forskingsadministrasjonen kvart semester innan fristen. Det vil vere mogleg å be om eit eige progresjonsseminar dersom kandidat og/eller rettleiar meiner det er naudsynt. Det er då viktig å opplyse om kva for aktørar ved skulen som bør vere til stades på dette seminaret, og kva som er ønskjeleg å diskutere.
FU vil bli orientert om progresjonsrapporteringa minimum ein gong i året, og må sette inn tiltak om det er store avvik.
Det skal oppnemnast ein rettleiar for kandidaten ved opptak. Det vil også vere mogleg å søkje om medrettleiar.
Forskingsutvalet (FU) skal nemne opp ein hovudrettleiar for alle ph.d.-kandidatar. Den føreslåtte hovudrettleiaren må ha sagt seg villig til å ta på seg oppdraget på førehand. Hovudrettleiaren har det primære ansvaret for den faglege oppfølginga av kandidaten, og skal normalt være fast tilsett i vitskapeleg stilling ved AHO.
I spesielle tilfelle kan ein ekstern hovudrettleiar nemnast opp. AHO dekkjer då honorar innanfor eit gitt timetal fastsett av FU. AHO dekkjer ikkje reiseutgifter i samband med rettleiing.
Ph.d.-kandidatane har rett til rettleiing av ein eller fleire medrettleiarar. Timetalet er fastsett av FU. Medrettleiarar vert oppnemnde av FU på grunnlag av forslag frå ph.d.-kandidaten i samråd med hovudrettleiaren. Ein grunngjeven søknad med CV må leverast.
AHO tilrår at alle ph.d.-kandidatar har minst to rettleiarar. Om mogleg bør det skipast til eit felles møte mellom ph.d.-kandidaten og begge/alle rettleiarane minst ein gong i året.
Alle rettleiarar skal ha doktorgrad eller tilsvarande forskingskompetanse. I særskilte tilfelle kan ein ved oppnemning av medrettleiar leggja større vekt på spesialisert, fagspesifikk kompetanse.
Ved opptak skal det for alle ph.d.-kandidatar gjennomførast eit møte mellom hovudrettleiaren, kandidaten og leiaren for ph.d.-programmet for å avklare ansvarstilhøve, forventningar og gjensidige plikter.
Ph.d-kandidaten og hovudrettleiaren skal møtast regelmessig, men hyppigheita kan variere etter prosjekttype og stadiet i prosessen. Omfanget av rettleiinga er spesifisert til eit minstetal av FU. For ekstern rettleiing gjeld det maksimale timetalet FU fastset ut frå de gjeldande budsjettrammene. Kandidaten og hovudrettleiaren er forplikta til å halde kvarandre kontinuerleg informert om alt som er viktig for gjennomføringa av ph.d.-utdanninga og rettleiinga. Partane skal aktivt følgje opp forhold som kan medføre fare for at rettleiinga ikkje blir gjennomført.
Rettleiaren skal blant anna:
Ph.d.-kandidaten skal blant anna:
Rettleiaren bør bidra til at kandidaten inngår i et aktivt forskingsmiljø. God integrering i eit relevant vitskapleg miljø og i nasjonale og internasjonale nettverk er ein vesentleg del av forskaropplæringa og vil kunne styrke og utvide kandidatens yrkesutsikter i inn- og utland.
Utydpende retningslinje til § 10 i Forskrift for graden philosophiae doctor (ph.d.) ved Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo (AHO)
Avhandlingen kan leveres somAlle ph.d.-kandidatar ved AHO er forplikta til å bruke AHOs mal for ph.d.-avhandlingar. Dersom du skriv ei artikkelbasert avhandling, er du forplikta til å bruke malen på kappa. Publiserte artiklar skal trykkjast som i tidsskriftet.
Det er ditt eige ansvar å sette avhandlinga i malen. AHO dekkjer ikkje utgifter knytt til dette. Ph.d.-kandidatar som har krav på annum, dvs. kandidatar som er tilsette som stipendiatar ved AHO, kan bruke annumet på språkvask og arbeid med malen.
AHOs mal for avhandlingar finst i to variantar:
Reader skal ha doktorgrad eller tilsvarande forskingskompetanse. Reader skal normalt være ekstern (men kan også være intern) og skal nemnast opp av Forskingsutvalet på bakgrunn av forslag frå hovudrettleiar og kandidat. Det er berre eksterne readers som vil få honorar for arbeidet frå AHO.
Det er forventa at reader skriv ein rapport med tydelege tilbakemeldingar og konkrete råd om kva for endringar og korreksjonar som er nødvendige. Til slutt skal det utformast ein oppsummerande kommentar der reader vurderer om avhandlinga er klar for innlevering til bedømmingskomiteen. Vurderinga skal grunngjevast.
Omfanget av og innhaldet i readerrapporten vil variere ut frå særtrekk ved avhandlinga og kandidaten sine behov, men skal normalt innehalde ei drøfting over 3-5 sider der følgjande punkt vert diskuterte:
Readerrapporten skal sendast til forskingsadministrasjonen med kopi til rettleiar og kandidat. Kandidat og rettleiar har da to veker på seg til å leggje fram ein respons til rapporten. Denne responsen skal være på maks 1 A4-side og belyse korleis kandidat/rettleiar stiller seg til rapporten, kva for endringar ein vil gjennomføre i avhandlinga og når ein reknar med at avhandlinga vil kunne innleverast til bedømmingskomiteen. Readerrapporten og responsen frå kandidat/rettleiar skal leggjast fram for FU til orientering og godkjenning. Ved store avvik skal FU setje inn tiltak.
Sluttseminar vert arrangert i avslutningsfasen av doktorgraden. For å arrangere et sluttseminar må rettleiar og kandidat sende ein søknad til FU med forslag til eksterne og/eller interne kritikarar, inkludert dato for seminar. Kvart sluttseminar kan støttast med opptil 5000 kr, som kan gå til reiseutgifter, honorar eller andre utgifter i samband med seminaret. FU skal formelt godkjenne seminaret.
I etterkant av fullført sluttseminar, skriv kandidat og rettleiar ein kortfatta rapport til FU. Denne responsen skal være på maks 1 A4 side og belyse korleis kandidat/rettleiar stiller seg til tilbakemeldingane i seminaret, kva for endringar ein vil gjennomføre i avhandlinga og når ein reknar med at avhandling vil kunne leverast inn til bedømmingskomiteen.
A digital trial lecture can either be held as a video conference over Zoom, with opponents, the chair of the defence and a technician as part of the conference, or by using Zoom to record the lecture by yourself, and distributing the recording to the opponents for evaluation.
We recommend that you use Zoom for your digital trial lecture. It may be useful to practice using Zoom for presentations before you conduct the lecture itself, regardless of whether you make a recording of your lecture or conduct it as a video conference.
Recording your lecture using Zoom
The trial lecture recording should be ready no later than two days before the defence.
In order to show slides from a presentation while presenting, you can share content (i.e. your screen). Check that your microphone works properly before you start recording, to ensure good audio quality.
If you need to use a blackboard during the lecture, we recommend using a tablet/iPad with a pen as a digital board, and sharing this screen whenever needed.
When you have completed the presentation and stopped recording, please ensure that the recording was successful and that the audio is good enough, before you send the recording of your trial lecture to the AHO research Administration, so that they can publish it on the defence announcement, and distribute it to the committee for evaluation. To send the recording we recommend using FileSender.
If the recording was unsuccessful, you can try again. If you have any questions or problems with Zoom, ikt-support@aho.no
Video conference in Zoom
If you wish to give your trial lecture as a video conference in Zoom with opponents present, you must agree on a time and date with the chair of the defence, the opponents and a technician from local IT (to manage the Zoom session).
The responsibilities of the opponents in relation to a digital public defence.
In addition to your regular responsibilities in relation to a public defence, some additional preparation is needed for a digital defence. Before the defence you should familiarise yourself with Zoom, which will be used for all communication purposes during the defence.
If you have any questions please the AHO research administration.