fbpx Bedømmingskomité | Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo

Språk

Bedømmingskomité

Det er rettleiaren sitt ansvar å ta kontakt med aktuelle fagfolk og sende inn ein søknad til Forskingsutvalet ved oppnemning av bedømmingskomité. Søknaden må være grunngjeven, og CV for alle komitémedlemmene skal leggjast ved. Bedømmingskomiteen er samansett av første- og andre opponent og koordinator. Koordinatoren må være kjend med det norske doktorgradssystemet og helst vere ein vitskapleg tilsett ved AHO. Alle dei tre medlemmene skal ha doktorgrad, og begge kjønn skal være representert. Reader kan ikkje vere medlem av bedømmingskomiteen.

Bedømmingskomiteen vil til vanleg ha ein frist på tre månader frå avhandlinga vart motteken og til den skal levere innstillinga. Avvik på grunn av feriar, sjukdom eller liknande kan førekome. Komiteen bestemmer disputasdato. All kontakt med bedømmingskomiteen skal gå gjennom forskingsadministrasjonen.

Komiteen skal levere ei grunngjeven innstilling til Forskingsutvalet ved AHO minst fem veker før fastsett disputasdato. Innstillinga skal munne ut i ein av følgjande tre konklusjonar: at avhandlinga vert funnen verdig til forsvar i ein offentleg disputas, at avhandlinga ikkje vert funnen verdig til forsvar (avvising), eller komiteen kan kome med ei tilråding om ein mindre revisjon før endeleg innstilling ligg føre.