Prioriterte emneområde for forskingsinnsats vil bli kunngjort ved utlysing av stipendiatstillingar ved opptak til doktorgradsprogrammet ved AHO. Instituttilknytning og potensiell rettleiar vil bli kunngjort i utlysningsteksten.
Søknad på stipendiatstilling skal innehalde:
For vurdering av søkjarar nemner FU opp ein sakkunnig komité. Instituttet doktoranden skal vere tilknytt, skal kome med forslag til medlemmer. Komiteen skal vere samansett av 3 personar, der to medlemmer helst skal være eksterne. Begge kjønn skal, om det er mogleg, vere representert. Alle medlemmene må ha doktorgrad eller tilsvarande kompetanse. Dersom kriteria ikkje vert oppfylte, skal dette kome fram i ei særskilt grunngjeving.
Dei viktigaste kriteria for prioritering mellom søkjarar skal vere:
Den sakkunnige komiteen si oppgåve er å vurdere kvalifikasjonar for opptak til AHOs doktorgradsutdanning. Komiteen skal skilje mellom kvalifiserte og ikkje-kvalifiserte søkjarar og gjere vurderingane sine på bakgrunn av innsendt materiale. Komiteen skal leggje fram vurderingar av kvar enkelt kvalifiserte søkjar. Om det ikkje eksplisitt er bede om det, skal ikkje søkjarane rangerast.
Det aktuelle instituttet vurderer søkjarane som er funne kvalifiserte i samråd med prosjektleiar, og kan intervjue kandidaten om det er ønskjeleg. Instituttet gir tilråding om tilsetjing og skriv innstilling. Komiteen sine vurderingar og instituttet si innstilling skal handsamast av FU. FU er tilsetjingsorgan for stipendiatstillingar ved AHO.
Om mogleg skal tilsetjing og opptak til ph.d.-programmet handsamast på same tidspunkt, slik at vedtak om tilsetjing også inneber opptak til ph.d.-programmet ved AHO.
AHO tek berre opp studentar som kan dokumentere finansiering for heile opptaksperioden.
Eksterne søkjarar med finansiering frå eigen institusjon, frå andre eksterne kjelder eller med eigenfinansiering, må leggje fram dokumentasjon på slik finansiering ved søknadstidspunktet.
Tilsegn om opptak til ph.d.-programmet ved AHO vert berre gjeve med atterhald om finansiering. Det vert då gjeve tilsegn om opptak under føresetnad av at søkjaren kan dokumentere at finansiering vil kunne sikrast før doktorgradsstudiet tek til.
FU vurderer alle søknader om opptak til doktorgradsprogrammet.
Opptak skal nektast dersom:
Om FU godkjenner søknadene, nemner FU opp ein sakkunnig komité som normalt skal vere samansett av 3 medlemmer som skal vurdere om søkjaren/søkjarane er kvalifisert(e). Begge kjønn skal, om det er mogleg, vere representerte. Alle medlemmene må ha doktorgrad eller tilsvarande kompetanse. Dersom kriteria ikkje vert oppfylte, skal dette kome fram i ei særskilt grunngjeving.
Avgjerd om opptak skal vere basert på ei samla vurdering av søknaden. Dei viktigaste kriteria for vurdering av opptak til doktorgradsutdanninga er:
Den sakkunnige komiteen si oppgåve er å vurdere kvalifikasjonar for opptak til doktorgradsprogrammet. På bakgrunn av innsendt materiale, skal komiteen leggje fram ei tilråding. Tilrådinga skal sendast til FU, som på bakgrunn av denne og søknaden gjer vedtak om opptak.
I opptaksvedtaket skal minst ein rettleiar nemnast opp, ansvaret for handtering av andre behov som er skissert i søknaden skal plasserast, og avtaleperioden skal fastsetjast med startdato og sluttdato. Startdatoen skal vere den same som startdatoen for finansieringa. Eventuell forlenging av avtaleperioden må relaterast til rettar ein har som arbeidstakar, eller avklarast spesielt i høve til finansieringsgrunnlaget til kandidaten. Opptaksvedtaket er berre gyldig om det ligg føre ein signert doktorgradsavtale der alle partar har signert.