Kandidaten presenterer avhandlingsarbeidet i eit ope seminar. Til vanleg vil det årlege ph.d.-kollokviet vere ein del av midtvegsseminaret. Presentasjonen bør ideelt sett haldast i tredje semester, og romme:
Kandidaten innleiar med å presentere arbeidet (ca. 20 minutt). Deretter vert arbeidet diskutert av ein/to opponentar (interne/eksterne opponentar). Kommentatortida er stipulert til ca. 20 min. Til slutt får dei andre deltakarane på seminaret høve til å stille spørsmål til kandidaten.
Rettleiar leiar seminaret. Elles deltek kandidat, opponentar og andre rettleiarar. Utover detter er seminaret ope for alle interesserte.
Kandidaten skal sende ut eit skriftleg underlag til presentasjonen 2 veker før seminardato. Underlaget skal innehalde ei oversikt over heile avhandlingsarbeidet så langt, inkludert dei sentrale forskingsspørsmåla, teoretisk rammeverk og metodologi. Underlaget skal også innehalde ein plan for det arbeidet som står att