fbpx Undervegs | Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo

Språk

Undervegs

Ph.d.-programmet

Ph.d.-programmet ved AHO er eit treårig fulltidsstudium som leier til graden philosophiae doctor (ph.d.) Ei tildeling av graden philosophiae doctor viser at kandidaten har tileigna seg forskingskompetanse på fagfeltet sitt. Les mer om ph.d.-programmet.

Opplæringsdelen

Opplæringsdelen av ph.d.-programmet går over to semester og omfattar både førelesningar og studentaktivitetar.

Opplæringsdelen har si eiga nettside kor all informasjon om aktivitetar og seminarer finnas. 
 

Annum

Stipendiaten disponerer eit annum fastsett av styret (p.t. kr 25 000 pr år) til materiell, bøker, reiser eller liknande i samband med forskingsarbeid og publisering av dette. Reglane for annum er utdjupa i personalreglement for stipendiatar.
 

Midtvegsseminar

Kandidaten presenterer avhandlingsarbeidet i eit ope seminar. Til vanleg vil det årlege ph.d.-kollokviet vere ein del av midtvegsseminaret. Presentasjonen bør ideelt sett haldast i tredje semester, og romme:

  • Beskriving av forskingsprosjektet, forskingsspørsmål og metodeval.
  • Beskriving av det som er oppnådd så langt i prosjektet.
  • Ein oppdatert framdriftsplan for forskingsprosjektet med tidfesta delmål, samt ei vurdering av kva for punkt i planen som tidsmessig kan bli dei mest kritiske.
  • Ei sannsynleggjering av at arbeidet vil bli fullført som (no) planlagt, til rett tid.

Kandidaten innleiar med å presentere arbeidet (ca. 20 minutt). Deretter vert arbeidet diskutert av ein/to opponentar (interne/eksterne opponentar). Kommentatortida er stipulert til ca. 20 min. Til slutt får dei andre deltakarane på seminaret høve til å stille spørsmål til kandidaten.
Rettleiar leiar seminaret. Elles deltek kandidat, opponentar og andre rettleiarar. Utover detter er seminaret ope for alle interesserte.
Kandidaten skal sende ut eit skriftleg underlag til presentasjonen 2 veker før seminardato. Underlaget skal innehalde ei oversikt over heile avhandlingsarbeidet så langt, inkludert dei sentrale forskingsspørsmåla, teoretisk rammeverk og metodologi. Underlaget skal også innehalde ein plan for det arbeidet som står att

Progresjonsrapportering

Alle studentar med opptak på ph.d.-programmet ved AHO må fylle ut ein ISP (individuell studieplan) kvart semester. Einaste unntak er kandidatar som har fått stadfesta disputas eller er i langvarig sjukmelding/permisjon. Forskingsadministrasjonen og leiar av ph.d.-programmet sender ut påminning før kvar rapportering. Rapporten skal leverast innan 30. september i haustsemesteret og 30. mars i vårsemesteret.

ISP-en er delt inn i tre delar. Del 1 og 2 vert rekna som offentlege og vert brukt til å halde skulen oppdatert på innhald, aktivitetsplan og publikasjonar i prosjektet, samt fullførte kurs. Del 3 er rekna som konfidensiell og vil ikkje bli offentleggjort. Den tredje delen skal fyllast ut av rettleiar, i samarbeid med kandidaten.

Den oppdaterte ISP-en skal leverast til forskingsadministrasjonen kvart semester innan fristen. Det vil vere mogleg å be om eit eige progresjonsseminar dersom kandidat og/eller rettleiar meiner det er naudsynt. Det er då viktig å opplyse om kva for aktørar ved skulen som bør vere til stades på dette seminaret, og kva som er ønskjeleg å diskutere.
FU vil bli orientert om progresjonsrapporteringa minimum ein gong i året, og må sette inn tiltak om det er store avvik. 

Rettleiing av ph.d.-kandidatar

Det skal oppnemnast ein rettleiar for kandidaten ved opptak. Det vil også vere mogleg å søkje om medrettleiar.

Oppnemning av rettleiar

Programstyret PhD skal nemne opp ein hovudrettleiar for alle ph.d.-kandidatar. Den føreslåtte hovudrettleiaren må ha sagt seg villig til å ta på seg oppdraget på førehand. Hovudrettleiaren har det primære ansvaret for den faglege oppfølginga av kandidaten, og skal normalt være fast tilsett i vitskapeleg stilling ved AHO.

I spesielle tilfelle kan ein ekstern hovudrettleiar nemnast opp. AHO dekkjer då honorar innanfor eit gitt timetal fastsett av programstyret. AHO dekkjer ikkje reiseutgifter i samband med rettleiing.

Ph.d.-kandidatane har rett til rettleiing av ein eller fleire medrettleiarar. Timetalet er fastsett av programstyret. Medrettleiarar vert oppnemnde av programstyret på grunnlag av forslag frå ph.d.-kandidaten i samråd med hovudrettleiaren. Ein grunngjeven søknad med CV må leverast.

AHO tilrår at alle ph.d.-kandidatar har minst to rettleiarar. Om mogleg bør det skipast til eit felles møte mellom ph.d.-kandidaten og begge/alle rettleiarane minst ein gong i året.

Alle rettleiarar skal ha doktorgrad eller tilsvarande forskingskompetanse. I særskilte tilfelle kan ein ved oppnemning av medrettleiar leggja større vekt på spesialisert, fagspesifikk kompetanse.

Innhaldet i rettleiinga

Ved opptak skal det for alle ph.d.-kandidatar gjennomførast eit møte mellom hovudrettleiaren, kandidaten og leiaren for ph.d.-programmet for å avklare ansvarstilhøve, forventningar og gjensidige plikter.
Ph.d-kandidaten og hovudrettleiaren skal møtast regelmessig, men hyppigheita kan variere etter prosjekttype og stadiet i prosessen. Omfanget av rettleiinga er spesifisert til eit minstetal av programstyret. For ekstern rettleiing gjeld det maksimale timetalet programstyret fastset ut frå de gjeldande budsjettrammene. Kandidaten og hovudrettleiaren er forplikta til å halde kvarandre kontinuerleg informert om alt som er viktig for gjennomføringa av ph.d.-utdanninga og rettleiinga. Partane skal aktivt følgje opp forhold som kan medføre fare for at rettleiinga ikkje blir gjennomført.

Rettleiaren skal blant anna:

  • Hjelpe kandidaten med faglege råd og praktisk planlegging av arbeidet, slik at prosjektet kan bli gjennomført innanfor rammene av ph.d.-utdanninga og innanfor stipendiats- eller kontraktperioden.
  • Gje råd om formulering og avgrensing i tema og problemstilling
  • Gje hjelp til orientering i faglitteratur og datagrunnlag (bibliotek, arkiv etc.)
  • Halde seg orientert om framdrifta i arbeidet til kandidaten og vurdere framdrifta i forhold til arbeidsplanen
  • Ta initiativ til å diskutere korleis rettleiinga fungerer med kandidaten 
  • Gje kandidaten rettleiing i forskingsetiske spørsmål knytt til avhandlinga, inkludert å vurdere om det er naudsynt å melde prosjektet inn til Personvernombodet for forsking (NSD)
  • Gje kandidaten rom for sjølvstendig forskingsinnsats der rettleiaren og kandidaten deltek i det same forskingsprosjektet

Ph.d.-kandidaten skal blant anna:

  • Planleggje arbeidet slik at prosjektet kan gjennomførast innanfor rammene av ph.d.-utdanninga og innanfor stipendiats- eller kontraktperioden og i tilfelle avvik diskutere dette med rettleiaren
  • Etterleve forskingsetiske prinsipp som gjelder for fagområdet

Rettleiaren bør bidra til at kandidaten inngår i et aktivt forskingsmiljø. God integrering i eit relevant vitskapleg miljø og i nasjonale og internasjonale nettverk er ein vesentleg del av forskaropplæringa og vil kunne styrke og utvide kandidatens yrkesutsikter i inn- og utland.

Avhandlingsformat

Utdypende retningslinjer til § 10 i Forskrift for graden philosophiae doctor (ph.d.) ved Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo (AHO). 

Avhandlingen kan leveres som:

En monografi eller en sammenstilling av flere mindre skriftlige arbeider ("artikkelbasert") eller en sammenstilling av skriftlige og utøvende arbeider (”verkbasert”). Nivå og arbeidsomfang skal være det samme enten avhandlingen er en monografi, artikkelbasert eller verkbasert.

Monografi skal være et selvstendig forskningsarbeid eller forsknings- og utviklingsarbeid som oppfyller internasjonale standarder med hensyn til etiske krav, faglig nivå og metode innen fagområdet. Avhandlingen skal bidra til å utvikle ny faglig kunnskap og ligge på et nivå som tilsier at den vil kunne publiseres eller offentliggjøres i egnet format som en del av fagets forskningsbaserte kunnskapsutvikling.  Størrelsen på monografier anbefales å være mellom 80.000-100.000 ord i tillegg til henvisninger og fotnoter. Hvis en monografi inneholder omfattende empirisk materiale (for eksempel transkripsjoner av intervjuer, transkripsjoner av primærkilder, oversettelser eller andre typer primærmateriale), legges disse til som vedlegg og inkluderes i ordtellingen. Bruk av AHOs mal anbefales, men er ikke obligatorisk.

En artikkelbasert avhandling skal normalt omfatte minst tre delarbeider (artikler) pluss en sammenbindende tekst (den såkalte "kappen"). Størrelsen på en artikkelbasert avhandling anbefales å være mellom 30.000-60.000 ord pluss henvisninger og fotnoter. Minst en artikkel bør ved leveringen være akseptert for publisering i en godkjent vitenskapelig publiseringskanal med fagfellevurdering. Publiseringskanaler velges i samråd med veileder. Ved medforfatterskap i artikkelbaserte avhandlinger skal kandidaten være eneforfatter på minst ett delarbeid, samt på den sammenbindende teksten (kappen). Kappen skal synliggjøre helhet og sammenheng i avhandlingsarbeidets deler og ta opp relevante temaer som ikke uten videre er lette å finne plass til i artiklene. Kappen skal også synliggjøre og oppsummere avhandlingens bidrag til det aktuelle forskningsfeltet samt inneholde faglige oppdateringer dersom det er nødvendig ut fra når artiklene ble ferdigstilt.

Hvis en artikkelbasert avhandling inneholder omfattende empirisk materiale (for eksempel transkripsjoner av intervjuer, transkripsjoner av primærkilder, oversettelser eller andre typer primærmateriale), legges disse til som vedlegg og inkluderes i ordtellingen.  Artikler som har vært publisert i trykte tidsskrifter skal presenteres som faksimiler av publikasjonen. I tilfeller der utgiver hindrer publisering av den trykte versjonen av artikkelen, kan den endelige avtalte tekstversjonen av artikkelen benyttes. Se eksisterende ph.d.-program detaljert veiledning for krav til publisering og forfatterskap knyttet til artikkelbaserte avhandlinger. Bruk av AHOs oppgavemal anbefales, men er ikke obligatorisk.

En verkbasert avhandling skal inneholde både en skriftlig og en utøvende/skapende del. Den utøvende/skapende delen skal munne ut i en offentlig presentasjon, utstilling og/eller fremføring og skal dokumenteres for ettertiden. Dokumentasjonens form og omfang må skreddersys det enkelte prosjektets karakter, problemstilling og intensjon. Prosessdokumentasjon skal inngå i den grad den er relevant med hensyn problemstilling og intensjon. Alt materialet som legges fram i forbindelse med bedømmelse av avhandlingen, skal senere arkiveres i et offentlig tilgjengelig arkiv. Kandidaten har ansvar for å skaffe en godkjent skriftlig avtale om slik arkivering ved innlevering av avhandlingen til bedømmelse. Omfanget av den skriftlige delen vil kunne variere i forhold til størrelsen på det utøvende arbeidet. Velger kandidaten en skriftlig del i form av flere artikler, bør minst én av artiklene være akseptert for publisering i en godkjent vitenskapelig publiseringskanal med fagfellevurdering. Publiseringskanal(er) velges i samråd med veileder(e).

Verkbaserte avhandlinger skal inneholde en sammenbindende tekst av verket (den såkalte "kappen"). Anbefalt ordtall for en verkbasert avhandling er 30 000-60 000 ord i tillegg til henvisninger, fotnoter og innleverte arbeider. Arbeid som inngår i oppgaven skal enten leveres direkte som vedlegg til kappen eller beskrives i vedlegg til denne (via ord, fotografier eller tegninger). Verk og beskrivelser av verk kan også nås gjennom hyperlenker i den innleverte verkbaserte oppgaven. Se ph.d.-programmets detaljerte veiledning for utarbeidelse og eksamen av arbeidsbaserte avhandlinger. Bruk av AHO-oppgavemalen anbefales, men er ikke obligatorisk.

Ved bruk av publiserte arbeider kan disse ikke godtas som del av avhandlingen hvis de ved opptakstidspunkt er eldre enn fem (5) år. AHO kan dispensere fra dette kravet dersom ekstraordinære forhold tilsier det.
 

Avhandlinga: malen

Det er valgfritt å bruke AHOs mal for ph.d.-avhandlingar. Publiserte artiklar skal trykkjast som i tidsskriftet.

Det er ditt eige ansvar å sette avhandlinga i malen. AHO dekkjer ikkje utgifter knytt til dette. Ph.d.-kandidatar som har krav på annum, dvs. kandidatar som er tilsette som stipendiatar ved AHO, kan bruke annumet på språkvask og arbeid med malen. 

AHOs mal for avhandlingar finst i to variantar:

Spørsmål om malen? forskingsadministrasjonen
 

Fråvær og forlenging av periode

Godkjent fråvær kan gi forlenging av stipendiatperioden. Sjå AHOs personalreglementfor kva som er godkjent fråvær.

Godkjenning av ECTS-poeng for eksterne kurs og andre aktivitetar

I henhold til programbeskrivelsen kan doktorgradsprogramstyret tildele ECTS-studiepoeng for:
  • Høyere instituttseminarpresentasjoner (2 ECTS)
  • Kurs tilpasset det individuelle studiefeltet, for eksempel nasjonale eller internasjonale forskerskoler, Phd-kurs eller spesialtilpassede samarbeidskurs med AHOS masterprogrammer (6-7 ECTS)
  • Forskningsformidling (3-4 ECTS)
Vennligst bruk dette skjemaet når du søker om ECTS-studiepoeng. Det kan sendes til doktorgradskoordinator.