fbpx Progresjonsrapportering | Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo

Språk

Progresjonsrapportering

Alle studentar med opptak på ph.d.-programmet ved AHO må fylle ut ein ISP (individuell studieplan) kvart semester. Einaste unntak er kandidatar som har fått stadfesta disputas eller er i langvarig sjukmelding/permisjon. Forskingsadministrasjonen og leiar av ph.d.-programmet sender ut påminning før kvar rapportering. Rapporten skal leverast innan 30. september i haustsemesteret og 30. mars i vårsemesteret.

ISP-en er delt inn i tre delar. Del 1 og 2 vert rekna som offentlege og vert brukt til å halde skulen oppdatert på innhald, aktivitetsplan og publikasjonar i prosjektet, samt fullførte kurs. Del 3 er rekna som konfidensiell og vil ikkje bli offentleggjort. Den tredje delen skal fyllast ut av rettleiar, i samarbeid med kandidaten.

Den oppdaterte ISP-en skal leverast til forskingsadministrasjonen kvart semester innan fristen. Det vil vere mogleg å be om eit eige progresjonsseminar dersom kandidat og/eller rettleiar meiner det er naudsynt. Det er då viktig å opplyse om kva for aktørar ved skulen som bør vere til stades på dette seminaret, og kva som er ønskjeleg å diskutere.
FU vil bli orientert om progresjonsrapporteringa minimum ein gong i året, og må sette inn tiltak om det er store avvik.