fbpx Rutine for å klage på karakterfastsetjing | Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo

Språk

Rutine for å klage på karakterfastsetjing

Studieadministrasjonen gir melding om klagetilgang og muligheit for supplering til studentar som stryk med denne rutinen som vedlegg.


Grunngjeving for karakterfastsetjing

Kandidaten må setje fram krav om grunngjeving innan 1 veke etter kunngjering av eksamensresultat. Grunngjevinga frå ansvarleg lærar skal vere formidla til studenten innan 2 veker etter fremjing av krav. Grunngjevinga for studiokurs er den skriftlege evalueringa gjeven av ansvarleg lærar. Jf. forskrift om masterstudiene § 6-12.


Klage på karakterfastsetjing

Kandidaten kan klage på karakterfastsetjinga og sender da ein skriftleg beskjed til studieadministrasjonen. Dette må gjeras innan 3 veker etter at eksamensresultata er kunngjorde eller at grunngjevinga førelegg.
Prosjekt/eksamenssvar sendes klageutvalet som består av ein ekstern sensor og ein intern sensor. Ny sensur foretas utan at klageutvalet får kjennskap til opphavleg resultat eller grunngjeving.

Vedlegg som sendast med til klagebehandlinga:
  • prosjekt/eksamenssvar
  • oppgåvetekst – program for oppgåva
  • pensumliste
  • kopi av universitets- og høyskoleloven § 5-2 og § 5-3


Handsaming av klagen

Klageutvalet set ny sensur innan 3 veker. Kandidaten får skriftleg melding om vedtak med eventuell grunngjeving lagt ved. Dersom utvalet treng meir tid, skal studenten få beskjed om nytt tidspunkt. Vedtaket er endeleg og kan ikkje påklagast. Studieadministrasjonen skal ha kopi av vedtaket. Jf. universitets- og høyskoleloven § 5-3 (6).