fbpx Vurderingsordning og bruk av sensor | Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo

Språk

Vurderingsordning og bruk av sensor

Føremålet med bruk av sensorar er å kvalitetssikre at grader som blir tekne på AHO held god standard, samanlikna med tilsvarande grader ved andre norske eller utanlandske universitet. AHO ønskjer å sikre at vurderingsordninga som blir brukt på skolen er egna og adekvat for å nå måla for studia, og at studentanes kunnskapar og ferdigheiter blir prøvd på ein upartisk og fagleg forsvarleg måte. Grunnlaget for vurderinga er gjeve i lov om universiteter og høgskoler § 3-9.

1. Sensorutval og krav til utdanning

  • Kursansvarleg leier sensorteamet og er ansvarleg for gjennomføringa av sensuren, både fagleg og organisatorisk. Ved klage på sensur kan kursansvarleg vere rådgivar for ankeutvalet. 
  • Medsensor kan vere ekstern eller intern. Medsensor må ha utdanning minst tilsvarande mastergrad og vere fagperson innan det aktuelle fagområdet. Den interne sensoren kan vere kollega ved eige eller tilknytt institutt.
  • Fast tilsette ved AHO treng ikkje å bli oppnemnde som sensorar. Mellombels tilsette i undervisningsstillingar må oppnemnast på vanleg måte, jf. punkt 2.
  • Ekstern sensor må ha utdanning minst tilsvarande mastergrad og vere ein erfaren fagperson innan det aktuelle fagområdet. Vedkommande bør ha generell interesse for faget og det faglege innhaldet i studieprogrammet. Han/ho bør òg ha spesiell interesse for pedagogikk, fagdidaktikk og korleis ein brukar vurderingsordningar på ein nyansert måte, slik at vedkommande er ein reell støttespillar for studieprogrammet.

2. Sensoranes oppnemning og funksjonstid

  • Ekstern sensor kan ikkje vere tilsett i fast stilling på AHO.
  • Ein sensor kan reknast som ekstern når han/ho har vore utan fast stilling på AHO i minimum eitt år.
  • Undervisningsutvalet oppnemner eksterne sensorar etter innstilling frå instituttleiar. Til oppnemninga skal CV følgje med innstillinga. Utvalet bestemmer om ekstern sensor skal oppnemnast for eit studieprogram, eit fagområde eller eit kurs.
  • Ekstern sensor kan oppnemnast for inntil 4 år samanhengande.

3. Prinsipp for bruk av sensor i vurderinga eller vurderingsordningane

  • Alle eksamenar og innleveringar ved AHO skal bedømmast av minimum to sensorar. På grunnkurs og fordjupingskurs kan sensorutvalet vere samansett av interne sensorar. Studiokurs på masternivå skal ha minst èin ekstern sensor.
  • Diplom blir bedømd av tre eksterne sensorar. Eksterne sensorar skal ha vore ute av undervisnings- og/eller rettleiingsoppgåver ved AHO i minimum eitt år.
  • Ekstern sensor skal vurdere om kurset er gjennomført i henhald til sette kvalitetskriteria.
  • Alle kurs skal ha gjennomført sensur med ekstern sensor minst ein gong kvart 3. år. 

4. Rapport og kvalitetssikring

Ekstern sensor skal gje ein rapport om arbeidet sitt, med kvalitetsvurderingar, til instituttet. Ekstern sensor står fritt når det gjeld å kommentere tilhøve som kan ha vesentleg innverknad på undervisningsopplegg, læringsutbyte, fagleg nivå, vurderingsordningar og liknande. Dei kan òg kommentere spesielle tilhøve som kan ha oppstått under sjølve sensureringa. Tilsynsrapporten blir lagd fram for Undervisningsutvalet på AHO saman med karakterstatistikk, rapport frå instituttleiar og semesterevalueringar for kurset. Undervisningsutvalet vurderer tiltak til forbetringar på grunnlag av denne.

5. Sensur i samband med klage

Ved ny sensur etter klage skal det brukast minst to nye sensorar, der minst èin skal vere ekstern. Dei nye sensorane skal ha tilsendt den sensurrettleiinga som er utarbeidd for kurset, saman med dokumentasjon iht. rutine for «Klage