fbpx Trykking av avhandling | Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo

Språk

Trykking av avhandling

Godkjent avhandling

Når bedømmingskomiteen har levert ei innstilling som konkluderer med at avhandlinga er funnen verdig til å bli forsvart i ein disputas, kan trykkjeprosessen starte. Merk at den trykte avhandlinga skal vere identisk med den som vart innlevert til bedømming, med unntak av retting av småfeil av formell karakter. Alle slike korreksjonar skal oppførast i ei errata-liste, sjå punkt under. Det er heller ikkje høve til å bytte ut ein artikkel som er publisert etter at avhandlinga er levert.
 

Rekvisisjonsskjema

Før avhandlinga kan trykkjast, må AHO sende inn et rekvisisjonsskjema til trykkeriet (Aksell, tidligere Bodoni). Du vil ta imot eit utkast og bli beden om å fylle ut naudsynte opplysningar, samt å signere skjemaet. Deretter sender forskingsadministrasjon skjemaet til trykkeriet og trykkjeprosessen kan starte.
 

Trykking

Aksell trykkjer alle doktoravhandlingar ved AHO. AHO bestiller eit opplag på 50 eksemplar frå trykkeriet. Skulen dekkjer kostnader øyremerka trykking opp til ein fast sum fastsett av AHO. Dersom trykkekostnadene overskrid denne summen, må kandidaten sjølv dekkje det resterande beløpet. Du får 25 frieksemplar av den trykte avhandlinga, men du kan bestille fleire eksemplar og betale desse sjølv (fortel oss det talet du ønskjer i rekvisisjonsskjemaet).
 
AHO tilrår deg å kontakte Aksell for å avtale leveringstid så snart den positive innstillinga ligg føre og rekvisisjonsskjemaet er sendt til trykkeriet. Helst skal avhandlinga vere ferdig trykt to veker før disputasen. Før levering må du gå nøye gjennom filer og kontrollere at alt er korrekt. Dette er ditt eige ansvar. Forskingsadministrasjonen opplyser om kven som er din kontaktperson ved Aksell.
NB: Du sender avhandlinga, inkludert cover laga av informasjonsavdelinga til trykkeriet som ei, samla PDF-fil med kopi til forskingsadministrasjonen.
 
Dersom det er ønskjeleg, kan du bestille et prøvetrykk av avhandlinga før heile opplaget vert trykt. Ved prøvetrykk kan ein kontrollere at alle sider i avhandlinga er med og kjem i rett rekkefølgje, og at kvaliteten på illustrasjonar og på avhandlinga generelt tilfredsstiller krav for trykking. Det er ikkje høve til å foreta korrektur av manus eller gjere andre endringar på grunnlag av prøvetrykket, anna enn tekniske endringar. Meir informasjon om prøvetrykk får du via din kontaktperson i Aksell.


Faste spesifikasjonar trykk:

  • Format: 17x24 cm
  • Papir innmat: 90g Multioffset
  • Papir omslag: 300g Invercote creato matt
  • Trykk innmat: 1+1 sort / 4+4 cmyk
  • Trykk omslag: 4+0 cmyk
  • Innbinding: limfres softcover
  • Trykkoriginalar: PDF
  • Fargesider: AHO dekker inntil 40 fargesider per eksemplar. Overskytande fargesider dekkes av kandidaten.
  • Prøvetrykk: Dekkes av AHO
 

Levering og trykking

Aksell mottar trykkeklare PDF-er frå kandidat, setter samen i rett rekkefølge, og skalerer til trykkeformat (17x24cm). Bildar og figurer bør være i enten vektorformat, eller 300 dpi oppløysning. Fontar må være embedded. I motsett fall kan tekst falle ut eller bli feil.

Aksell køyrar en automatisk preflight av alle filer, og gir tilbakemelding om problem. Kandidaten mottar trykkfil for gjennomsyn og godkjenner denne før trykk. Dersom det ønskes fysisk prøvetrykk, avtales dette på forhand.
 

ISSN-nummer, ISBN-nummer og con-text-nummer

Desse opplysningane skal føres opp på kolofonsida – sjå mal. Du får dei frå forskingsadministrasjonen.
 

Omslaget

Kommunikasjonsavdelinga ved AHO set omslaget på bakgrunn av materiale frå deg. Spesifikasjonar finn du i vedlegget Cover Requirements, som du fyller ut og sender til Eileen Danielsen ed@aho.no
 

Errata-liste

I de tilfella der du oppdagar skrivefeil eller andre formelle feil etter at avhandlinga er sendt til komiteen, skal det lagast ei errata-liste der alle endringar som er gjort skal oppførast. Bedømmingskomiteen kan også påpeke formelle feil som bør korrigerast før avhandling vert trykt. Dersom du skriv et forord som ikkje var der i utgåva som vart sendt til komiteen, skal også dette påpeikast i errata-lista. Du kan ikkje gjere endringar av fagleg karakter, eller i sjølve språkføringa, som føye til eller stryke avsnitt og liknande).
 
NB! Errata-lista skal sendast til forskingsadministrasjonen samtidig med avhandlinga vert sendt til trykkeriet.
 

Nyheitssak

Kommunikasjonsavdelinga skriv ei nyheitssak om avhandlinga, på bakgrunn av informasjon frå deg. I tillegg vert det lagt det ut informasjon om disputasen i kalenderen på nettsida til AHO.

Naudsynt informasjon til nyheitssak skriven for et generelt publikum, på norsk (og eventuelt engelsk) er ein kort presentasjon av temaet i avhandlinga og dei viktigaste funn/konklusjonar. Skrivetips: få fram hovudpoenga først, bruk døme og enkelt språk, dropp gjentakingar. Kontakt kommunikasjonsavdelinga for fleire tips og eventuelt avtale om intervju.
 

Elektronisk arkivering av avhandlinga

AHO har som policy at alle ph.d.-avhandlingar skal gjerast tilgjengelege i publiseringsarkivet ved AHO, ADORA. I tillegg er det obligatorisk å publisere eit samandrag av avhandlinga. Før arkivering er det viktig at du har avklart opphavsrett til alle artiklar og illustrasjonar som er brukt i avhandlinga. Biblioteket sender deg eit avtaleskjema som vi ber deg fylle ut og returnere. Kontakt biblioteket eller forskingsadministrasjonen om du har spørsmål om dette.