fbpx Rettleiing av ph.d.-kandidatar | Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo

Språk

Rettleiing av ph.d.-kandidatar

Det skal oppnemnast ein rettleiar for kandidaten ved opptak. Det vil også vere mogleg å søkje om medrettleiar.

Oppnemning av rettleiar

Programstyret PhD skal nemne opp ein hovudrettleiar for alle ph.d.-kandidatar. Den føreslåtte hovudrettleiaren må ha sagt seg villig til å ta på seg oppdraget på førehand. Hovudrettleiaren har det primære ansvaret for den faglege oppfølginga av kandidaten, og skal normalt være fast tilsett i vitskapeleg stilling ved AHO.

I spesielle tilfelle kan ein ekstern hovudrettleiar nemnast opp. AHO dekkjer då honorar innanfor eit gitt timetal fastsett av programstyret. AHO dekkjer ikkje reiseutgifter i samband med rettleiing.

Ph.d.-kandidatane har rett til rettleiing av ein eller fleire medrettleiarar. Timetalet er fastsett av programstyret. Medrettleiarar vert oppnemnde av programstyret på grunnlag av forslag frå ph.d.-kandidaten i samråd med hovudrettleiaren. Ein grunngjeven søknad med CV må leverast.

AHO tilrår at alle ph.d.-kandidatar har minst to rettleiarar. Om mogleg bør det skipast til eit felles møte mellom ph.d.-kandidaten og begge/alle rettleiarane minst ein gong i året.

Alle rettleiarar skal ha doktorgrad eller tilsvarande forskingskompetanse. I særskilte tilfelle kan ein ved oppnemning av medrettleiar leggja større vekt på spesialisert, fagspesifikk kompetanse.

Innhaldet i rettleiinga

Ved opptak skal det for alle ph.d.-kandidatar gjennomførast eit møte mellom hovudrettleiaren, kandidaten og leiaren for ph.d.-programmet for å avklare ansvarstilhøve, forventningar og gjensidige plikter.
Ph.d-kandidaten og hovudrettleiaren skal møtast regelmessig, men hyppigheita kan variere etter prosjekttype og stadiet i prosessen. Omfanget av rettleiinga er spesifisert til eit minstetal av programstyret. For ekstern rettleiing gjeld det maksimale timetalet programstyret fastset ut frå de gjeldande budsjettrammene. Kandidaten og hovudrettleiaren er forplikta til å halde kvarandre kontinuerleg informert om alt som er viktig for gjennomføringa av ph.d.-utdanninga og rettleiinga. Partane skal aktivt følgje opp forhold som kan medføre fare for at rettleiinga ikkje blir gjennomført.

Rettleiaren skal blant anna:

  • Hjelpe kandidaten med faglege råd og praktisk planlegging av arbeidet, slik at prosjektet kan bli gjennomført innanfor rammene av ph.d.-utdanninga og innanfor stipendiats- eller kontraktperioden.
  • Gje råd om formulering og avgrensing i tema og problemstilling
  • Gje hjelp til orientering i faglitteratur og datagrunnlag (bibliotek, arkiv etc.)
  • Halde seg orientert om framdrifta i arbeidet til kandidaten og vurdere framdrifta i forhold til arbeidsplanen
  • Ta initiativ til å diskutere korleis rettleiinga fungerer med kandidaten 
  • Gje kandidaten rettleiing i forskingsetiske spørsmål knytt til avhandlinga, inkludert å vurdere om det er naudsynt å melde prosjektet inn til Personvernombodet for forsking (NSD)
  • Gje kandidaten rom for sjølvstendig forskingsinnsats der rettleiaren og kandidaten deltek i det same forskingsprosjektet

Ph.d.-kandidaten skal blant anna:

  • Planleggje arbeidet slik at prosjektet kan gjennomførast innanfor rammene av ph.d.-utdanninga og innanfor stipendiats- eller kontraktperioden og i tilfelle avvik diskutere dette med rettleiaren
  • Etterleve forskingsetiske prinsipp som gjelder for fagområdet

Rettleiaren bør bidra til at kandidaten inngår i et aktivt forskingsmiljø. God integrering i eit relevant vitskapleg miljø og i nasjonale og internasjonale nettverk er ein vesentleg del av forskaropplæringa og vil kunne styrke og utvide kandidatens yrkesutsikter i inn- og utland.