fbpx Studentprat: Simon Heidenreich | Arkitektur- og designhøgskolen i Oslo

Språk

Studentprat: Simon Heidenreich

Simon Heidenreich

Foto og tekst: Tor Christian Meling

Studentprat: Simon Heidenreich

Me har snakka med Simon Heidenreich, han er femteårs-arkitektstudent frå Munchen i Tyskland. Han studerer ved Bauhaus-universitetet i Weimar og er for tida utvekslingsstudent ved AHO.
Kva kurs tek du, og kva arbeider du med på AHO?
Dette semesteret tek eg ACDL (Advanced Computational Design Laboratory) kurset, som er temmeleg travelt. Me lærer om nye design-metodar og har forskjellige workshops. Utforiminga er ganske fri i kurset. Alt som vart gitt oss var dei tre tomtene me kunne velje mellom: ei i Slottsparken, ei ved sida av Børsen i Bjørvika og den eg valde, Gunerius-tomta i Brugata. 

Oppgåva er å utvikle ei bygning kor designet er informert av ei rekke parametriske prosessar. Det treng også å inneha forskjellige program, som over 24 timar kan bruke samme romområde. Dei ynskjer at me skal finne parametre som er litt obskure, for så og bruke dei til å utvikle forma. Me er også oppmuntra til å kombinere program som, ved første augekast, ikkje ser ut til å passe saman.

Då eg besøkte tomta, registrerte eg at området er folksamt og trafikkert: mange skifter linjer med kollektivtransport i løpet av dagen. Det er óg mange narkomane i området, grunna nærleiken til legevakta og metatonutdelinga. Eg har lese meg opp på dei terapeutiske eigenskapane til arkitektur og har implementert terapeutiske fasiliteter og leilegheiter. Eg prøver heller å inkludere dei narkomane enn å flytte dei til eit anna område.

Kvifor valde du å søke deg til AHO og kva er forskjellane, synast du?
Ein bekjend frå skulen min var her på utveksling for nokre år sidan. Han fortalde meg at ein har tilgang på metallverkstaden, noko me ikkje har på min skule. Eg har alltid ynskja å lære meg og sveise, difor kom eg hit. Eg elskar handverk, så kvar gong eg har tid til overs, nyttar eg den til å bygge noko på verkstaden. Til dømes bygde eg nett ein pult. 

Det eg verkeleg likar ved AHO er dei flate strukturane. Ein er på førenamn med professorane sine og kan slå av vitsar studentar og professorar i mellom. Det er noko ein sjeldan gjer ved min skule. 

Kva ynskjer du for framtida?
Eg er ganske trygg på at eg ikkje kjem til å vere ein arkitekt i den klassiske tydinga. Eg er meir ein små-skala fyr som elskar handverk. Å ha eit lite firma som arbeidar med presise, små prosjekter som hytter eller saunaar hadde vært topp. Eg har ei genuin interesse på mange felt, så eg vil ikkje avgrense for mykje. Dersom ingenting løyser seg opnar eg berre eit bakeri-verkstads-kafé-design-platesjappe-kontor ein eller anna stad. Kven veit?
0